I eit vedtak som vart gjort på styremøtet torsdag vart det vedteke at utleigeprisane for hyblar og leilegheiter blir uendra i 2024. Prisane vil ikkje kome til lå stige før tidlegast hausten 2025, trass i ein stor generell prisauke, heiter det i vedtaket.

Studentsamskipnaden i Volda har over 600 husvære til leige.

- Vi gjer dette for åkome studentane i møte i ei tid med svært pressa studentøkonomi. Levekostnadene har auka. Ikkje minst kostnadene til mat og andre naudsynte varer. Derfor er eg svært glad for at vi kan halde prisane uendra, seier styreleiar Sindre Rabben Trondstad.

Adminisrerande direktør Rune Aasen seier at husleigefrysen er ei hjelpande hand til studentane i ei økonomisk pressa tid. Men det er også eit tiltak for å halde hybelprisane i Volda låge, for såleis å vere med på å gjere Volda attraktiv som studiestad.

(©NPK)