Politiet i Møre og Romsdal melde på twitter seint 17. mai ettermiddag at dei rykte ut til ei valdsepisode i Volda sentrum.

To kameratar hadde hamna i slåsskamp ved Spinneriet i Volda. Begge to vart skadde i basketaket, og vart køyrde til legen for gransking.

Dei to vil ikkje politimelde kvarandre, men politiet vil opprette sak.