På grunn av ein frontkollisjon på Sørestranda mellom Helgehorntunnelen og Eiksundtunnelen var fleire tunnelar og vegen stengd torsdag ettermiddag.

Vegtrafikksentralen opplyser til Møre-Nytt litt etter klokka 16 at veg og tunnelar vert opna att, men at det vert trafikkdirigering forbi ulykkesstaden på Sørestranda.

Vegstenginga førde til køar og treg trafikk ved Furene- Ekset men rapportar frå trafikkantar ved 16:15-tida tyder på at det var i ferd med å rette seg .