Under byrjinga av budsjettmøtet i Ulstein kommunestyre torsdag tok Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) ordet og varsla at ho ville legge fram ein uttale, som ho håpa å få kommunestyret med seg på.

Dette vart tatt opp att etter at den ordinære saklista var gjennomgått og Notøy fekk med seg eit samrøystes kommunestyre på å vedta uttalen som uttrykker bekrymring over nylege framlegg frå styret i Helse Møre og Romsdal.

Ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) var spesielt einig i dei delane av uttalen som gjekk på prosessen til Helse Møre og Romsdal. Han peika mellom anna på at ordførarane har gitt tilbakemelding på, og fått lovnadar om, å verte tatt med på råd tidlegare i løypa, men at det ikkje har skjedd denne gongen heller.

Les heile uttalen kommunestyret stilte seg bak her:

Uttale til Helse Møre og Romsdal om Mork rehabiliteringssenter og fødeavdelinga i Volda

Styret i Helse Møre og Romsdal går no inn for å legge ned Mork rehabiliteringssenter og flytte plassane til Ålesund, i staden for tidlegare planar om flytting til Volda sjukehus. Styret vurderer også sommarstenging av fødetilbodet i Volda. Ulstein kommune er sterkt uroa over desse signala og kva det vil medføre av svekt helsetilbod for innbyggjarane i heile regionen og tilgrensa regionar.

Mork rehabiliteringssenter

Mork rehabiliteringssenter har over mange år opparbeidd ein spesialisert tverrfagleg kompetanse, og den høge faglege kvaliteten i tenesta kjem pasientane direkte til gode. Den spesialiserte rehabiliteringa gjer at pasientar når eit høgare funksjonsnivå, får betre livskvalitet og har mindre behov for helsetenester i heimkommunen etter sjukdom og skade. Mork senter yter tilbod til pasientar i eit større nedslagsfelt, og effekten hos den enkelte pasient etter opphald ved Mork senter er auka livsmestring og livskvalitet, og i den store samanheng ein stor samfunnsgevinst som ikkje vert målt. Ved ei forhasta flytting av Mork senter, risikerer Helseføretaket å miste avgjerande fagkompetanse som dei tilsette på Mork har opparbeidd på feltet.

Ulstein kommune vil også minne om at helseføretaket sine prioriteringar ikkje må gjerast berre med omsyn til eige budsjett, men i eit større samfunnsøkonomisk perspektiv, der gevinsten av gode resultat i den spesialiserte rehabiliteringa kjem kommunane til gode. Vi fryktar å miste eit tilbod som er umåteleg høgt verdsett av pasientar og pårørande, og som gjennom sin faglege styrke sparer kommunen for mange helseutgifter. Ei nedlegging vil medføre auka belastning og auka utgifter i primærhelsetenesta. Dette vil kome på toppen av at kommunane har fått overført fleire oppgåver i tenestekjeda innanfor helseområdet.

Fødetilbodet i Volda

Akuttberedskap og fødetilbod i Volda må vere der for innbyggjarane heile året. Då fødeavdelinga i Volda var sommarstengd sist, for om lag 15 år sidan, konkluderte evalueringsrapporten med at stenginga førte til forhold på kanten av det forsvarlege. Det viste seg også å vere svært lite reint økonomisk å spare. Kva har endra seg no, anna enn at fødeavdelinga ved Nordfjordeid sjukehus i tillegg er lagt ned? Dei om lag 500 som årleg føder på sjukehuset i Volda, treng eit trygt og stabilt fødetilbod heile året.

Å sommarstenge fødeavdelinga i Volda vil vere til stor negativ belasting for den enkelte. Med betydeleg lengre reiseveg, inkludert ferje, aukar sjansen for fødslar utanfor sjukehus, som medfører auka risiko for at fødselen skal gå ut over liv og helse til mor og barn. Det vil også medføre ekstra stressmoment, ei meir krevjande barseltid og potensielt auke i fødselsdepresjon for dei fødande som blir råka.

Forslaga svekkjer helsetilbodet på Søre Sunnmøre

Med forslaga, vil Helesforetaket ta bort velfungerande og viktige helsetilbod frå Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord. Redusert kapasitet innanfor spesialisert rehabilitering vil også svekkje tenestetilbodet til innbyggjarar i heile fylket. Ulstein kommune ønskjer å styrke helsetilboda til innbyggarane i regionen på Volda sjukehus, ikkje svekke dei. Vi oppmodar Helse Møre og Romsdal på det sterkaste å revurdere innsparingsforslaga knytt til Mork rehabiliteringssenter og fødeavdelinga i Volda. Ulstein kommune vil rette kritikk til prosessen og finn det svært lite tilfredsstillande at eit forslag med så store konsekvensar vert presentert ei veke før styret skal fatte vedtak. Ulstein kommune vil sterkt oppmode styret for Helse Møre og Romsdal å drifte Mork senter i eksisterande lokale i ei overgangsfase fram til planane for flytting til Volda sjukehus kan realiserast. Årsaken til at desse planane er utsett er opplyst å vere knytt til finansiering av Helseplattforma og SNR. Dette er ein overgangssituasjon der ein etter få år bør kunne finne løysing at rehabiliteringstenesta ved Mork kan etablerast ved Volda sjukehus og samtidig oppretthalde den gode kompetansen som er opparbeidd over ei lang periode.