Natt til tysdag fekk politiet melding om at skulle vere usemje mellom to personar ved ein utestad i Volda sentrum.

– Det vart tildelt nokre slag i ansiktet. Ingen alvorlege skade. Partane var vekke frå staden då politiet kom. Forholdet blir meldt i ettertid, skriv politiet på Twitter.

I tillegg til slåsting vart to gutar i starten av tenåra meldt for urinering på offentleg stad i Volda i natt.

Politiet melder tysdag morgon at det har vore mange feststemte personar ute i bygd og by i natt.

– Det har vore nokre ordensoppdrag, men ingen alvorlege hendingar. Alt i alt ei fin natt til tysdag. Vêret har også vore på vår side.