Næringskonferansen Søre Sunnmøre har i år temaet omstilling og innovasjon. Frå før har det vore kjent at Kåre Willoch, Henrik Syse, Fora Form ved Frode Sporsheim og Jan Erik Larsen, kjent frå m.a. Broom, kjem til konferansen. Tysdag vart heile programmet for Næringskonferansen offentleggjort og Simen Staalnacke og Jan Egil Flo frå Moods of Norway, Agnes Ravatn, Shakeb Syed i Sparebank 1-systemet og Kari Traa kjem også til Ørsta 17. mars.

– Dette er den fjerde utgåva av Næringskonferansen. Vi har teke endå eit steg opp, og har laga ei konferansesamansetting med ei breidde som vi ikkje har hatt før. Kompetansen blant foredragshaldarane er stor, og det er både lokale og nasjonale foredragshaldarar, seier Odd Magne Vinjevoll som sit i arrangementskomiteen saman med Knut Olav Standal, Olav Sindre Kriken, Einar Holsvik og Sigrunn Heltne Vartdal.

Gjennomføringa av konferansen er basert på same lest som tidlegare. Ørsta kulturhus vert tilhaldsstad. Samarbeidet med Ørsta vidaregåande skule har utvikla seg godt, og elevane på restaurant og matfag og blomsterdekoratørlina er med i planlegginga, pyntar lokale og serverer lunsj til konferansedeltakarane.

Programleiarane for årets konferanse er Rune Gokstad og Øystein Bakke.

– Dei er fantastiske programleiarar og vil og underhalde litt under lunsjen.

Då Næringskonferansen Søre Sunnmøre vart starta opp var det tenkt regionalt, og målgruppa er framleis den same.

– Konferansen er ikkje bransjespesifikk og den er relevant for dei fleste. Vi ynskjer å famne breitt i tillegg til at konferansen skal vere ein sosial møteplass der deltakarane kan knytte kontaktar. Skal vi klare å samle mykje av næringslivet i regionen må vi ha eit godt program som er relevant.

I fjor var interessa for Næringskonferansen så stor at det var venteliste på å få delta. Det er selt fleire billettar til årets konferanse enn kva det var gjort til fjorårets konferanse i midten av januar.

– Det gjer at det er eit forventningspress på oss for å levere i år. Vi har von om at fleire deltakarar i år, og taket på gjestar er sett til 250.