Med heimesiger mot Stordal ville Vartdal vere serieleiar med ein runde igjen før ferien. Stordal hadde framleis til gode å tape denne sesongen, men det var Vartdal som starta kampen klart best. Det var høgt tempo frå første spark, og Vartdal dominerte banespelet. Nils Petter Sæther, som spelte sin siste kamp for Vartdal, fekk den første sjansen, men skotet gjekk utanfor.

Tretten minutt ut i kampen fekk Stordal eit mål annullert for angrep på målvakt, men det var likevel heimelaget som heldt fram med å ha initiativet i kampen til halvspelt omgang.

Det var Stordal som skulle ta leiinga i kampen etter 31 minutt. Martin Persson plukka opp ein retur etter ei heading, og sendte bortelaget i føringa. Begge laga skapte sjansar etter skåringa, men det vart ikkje fleire mål før pause.

Vartdal-dominans

Som i første omgang var Vartdal det klart beste laget i starten av andre omgang. I løpet av dei første tjue minutta skapte heimelaget seks store sjansar, og burde både ha utlikna og teke leiinga i kampen. Adrian Nakken i Stordal-målet hindra dette, og stod ein svært god kamp for bortelaget.

Som det ofte går når ein lag stangar mot mål så skårar motstandarane. 25 minutt ut i omgangen headar Geir Marius Øie inn Stordal sitt andre mål for dagen. Ti minutt seinare er Geir Arne Kaspersen nære på, og nokre minutt seinare treff Rolf Audun Vartdal tverrliggjaren. Stordal ror sigeren i land, og sikra seg ei luke på fem poeng ned til Vartdal og Emblem.

– Fortvilande

Vartdal-trenar Kenneth Nydahl var nøgd med det spelarane viste på bana, men er sjølvsagt ikkje nøgd med resultatet.

– Vi er klart best dei første tjue minutt, og Stordal får nesten ikkje låne ballen. Etter det så opna kampen seg opp, og Stordal skapte to sjansar i tillegg til målet. Det kunne like godt ha vore uavgjort til pause. I andre omgang er det berre eitt lag på bana, og Stordal klinka berre ballen opp i bakrom. Det er fortvilande å ikkje verte belønna for å spele så god fotball. Eg sa det også til spelarane etter kampen at dei leverte ein god innsats, og at eg var nøgd med måten som vi spelte på. 98 prosent av dei som såg kampen vil seie at vi var det beste laget, og at det ikkje var eit heilt rettferdig resultat, seier Nydahl.

– Ikkje ein enkel kamp

Nydahl trur også at det er gode sjansar for å revansjere tapet når Vartdal møter Stordal borte.

– Held  Vartdal fram slik som vi gjorde mot Stordal, vinn vi på bortebane, seier Nydahl.

Vartdal ligg framleis på opprykksplass etter tapet, men Emblem har like mange poeng etter å ha spelt uavgjort borte mot Herd 2. Sistnemnde er motstandar for Vartdal i siste serierunde før ferien kommande torsdag.

– Herd har fått det til å svinge litt meir på førstelaget, og har styrkt andrelaget med m.a. Lasse Olsen. Det vert ikkje ein enkel kamp på Remen, seier Nydahl.