Dette er den moderate prognosen økonomileiar Andrea Fivelstad har utarbeidd i tertialrapporten. Han viser at hovudårsaka til at økonomien framleis er vanskeleg er manglande inntekter på finansområdet. I hovudsak handlar dette om at utbyttet frå Tussa vertom lag berre halvparten av det budsjetterte.

Dei manglande inntektene i finansområdet utgjer 9,7 millionar kroner. I tillegg kjem overforbruket, som er særleg stort i skulesektoren med 1,3 millionar kroner. Då er ikkje helsesektoren medrekna fordi tala ikkje synest å vere heilt klare.

Det er også utarbeidd ein verste fall prognose, og han syner at kommunen då kan ende opp med eit overskot på kring tjue millionar kroner viss ingen tiltak vert sette i verk. Noko som medverkar er uføresette pensjonskostnader.

Orkan

Tertialrapporten gjeld altså pengebruken i kommunen dei fire første månadene i år. Det var medan kommunen framleis var sektorstyrt.

Rådmann Wenche Solheim fortel i rapporten om ein krevjande start på året.

– Fyrste tertial og det nye året starta med opprydding etter orkanen Dagmar. Ressursar som var tenkt til andre oppgåver m, åtte omprioriterast, og det var viktig å kartlegge skadar på kommunale eigedommar, kommenterer Solheim.

I tillegg kjem kommunestyret sitt krevjande budsjettvedtak, der det er stilt krav om fleire innsparingar, og samstundes byrja samhandlingsreforma som er statleg initiert.

Krevjande

– Samhandlingsreformen er ein stor reform med mange spørsmål og uvisse knytt til kostnader. Ørsta har klart utfordringa bra, men vi ser at kompetanse og kapasitet må styrkast både i heimebasert omsorg og i korttidsavdelinga/institusjon, kommenterer rådmannen.

Ho nemner fleire oppgåver som har vore utfordrande dei fire fyrste månadene. Det gjeld tilsetjing av nye folk i sentrale stillingar, omorganiseringar både i drifta og av organisasjonskartet og eit omfattande arbeid med kommuneplanen mellom anna.

– 2012 er eit krevjande år for Ørsta kommune. Vi bør dekkje inn underskotet frå 2008 og samstundes klare oss med ti millionar kroner mindre enn budsjettert frå Tussa. Vi ser at Ørsta-skuta er tung å snu, og at ho framleis held på med fartsreduksjonen, seier rådmannen i saksutgreiinga.

Samstundes påpeikar ho at omstillingsarbeidet er eit stor oppgåver overfor mange.

Motkrefter og fagorganisasjonar

– Strukturendringar for institusjonskjøkken, flytting av elevar og samling av legekontor mobiliserer motkrefter, og medverkar til manglande gjennomføringsevne av budsjettvedtaket. Fagorganisasjonane trugar med søksmål i samband med fjerninga av seniortiltaka, samstundes som søkjelyset vårt er å redusere talet på tilsette utan å måtte seie opp nokon, seier rådmannen.

Likevel meiner ho at kriseforståinga byrjar å sige inn.

– Det er inntrykket mit at kriseforståinga hos politikarar, tilsette og innbyggjarar etter kvart er på plass. Ein har forståing for at Ørsta kommune ikkje kan halde fram med å bruke pengar vi ikkje har, men at ingen vil at «si sak» eller «sine gode» skal verte redusert, kommenterer rådmannen.

Ho påpeikar at det har vorte gjennomført personalseminar og verdiverkstader i samband med organisasjonsutviklingsprosessen, og til hausten startar arbeidet med helsefremjande leiarskap.

Til vitande

– Dette er viktig bidrag i å utvikle organisasjonen til å vere ein god arbeidsstad som leverer gode tenester, og som utnyttar alle ressursar på ein god og effektiv måte. Vi må vidare auke innsatsen på internkontroll, internrapportering og kvalitetssikring i alle ledd. I dette arbeidet må vi ha trygge leiarar og myndiggjorte medarbeidarar, seier rådmannen.

Formannskapet og kommunestyret vert bedne om å ta tertialrapporten til vitande, men rådmannen konkluderer i saksutgreiinga med at det bør vurderast tiltak både som gjeld auke av inntekter og vidare reduksjon av kostnader for å kome i land med budsjettet.