Varaordførar Paul Kristian Hovden er sterkt uroa over det han meiner er ei liberalisering av alkoholpolitikken i Ørsta. Han viser til dei nye spritløyva, der folk no kan drikke brennevin utandørs fleire stader.

– For kvart vedtak som no vert gjort om alkohol, vert det ført ein meir liberal politikk i Ørsta. No har vi ikkje lenger skjenkjetak, og har fått spritservering ute fleire stader i sentrum, registrerer KrF-politikaren oppgitt.

Stramme inn

Han meiner Ørsta kommune i staden burde ha stramma inn skjenkjepolitikken, og såleis gått føre med det han meiner hadde vore eit godt eksempel.

– Nokon må gå føre, og andre må gå etter. Land som har vore liberale i høve alkoholpolitikk har no stramma inn då dei ser at samfunnskostnaden er så høg av alkoholmisbruk.

Hovden viser til leiaren i levekårsutvalet sin uttale i Møre-Nytt torsdag der han seier at fleire brennevinsløyve ikkje får ruspolitiske konsekvensar.

– Då må eg spørje: Kva konsekvensar har dette då?

Restriktive

– Her i Ørsta burde vi politikarar vere restriktive med å gje løyve i sympati med alle dei som kavar med alkoholen og dei mange uheldige konsekvensane dette får.

Hovden meiner det er eit paradoks at ein ikkje gjer meir for å redusere samfunnskostnaden knytt til alkohol.

Varaordføraren er tydeleg:

– Det som no skjer med alkoholpolitikken er eit stort tilbakesteg for Ørsta som samfunn! Synest Paul Kristian Hovden som no fryktar endå meir bråk utandørs ved utestadene.