Det seier Volda-rådmann Rune Sjurgard i ein kommentar til at Tussa sitt styre har vedteke at det ikkje skal utbetalast ei krone til eigarkommunane i Tussa for året 2011 fordi Tussa-konsernet gjekk på ein baksmell, og fekk eit resultat etter skatt på minus 16,2 millionar kroner. Sjurgard presiserer at han si rolle er å vere rådgjevar for Volda kommune sitt eigarorgan, og føreset at utbytespørsmålet vert drøfta i formannskapet i forkant av generalforsamlinga.

Tredje størst

Volda kommune er tredje største eigar i Tussa med ein aksjeandel på 16,37 prosent. Dette har ført til at kommunen siste åra har fått kring 8,5 millionar kroner frå Tussa som utbyte. Som andre eigarkommunar, har også Volda lagt utbyte inn i driftsbudsjettet. Rådmann Rune Sjurgard ser poenget med at det kan vere sjansespel å budsjettere med så store faste inntekter frå selskapet. På ei anna side:

– Bortsett frå oljebransjen, er det å drive kraftselskap noko av det sikraste ein gjer. Og historia fortel jo stort sett berre om stabile år med utbyte frå Tussa, seier Sjurgard.

Vil krevje

Han vil rå politikarane i Volda om å få grundig informasjon på kva alternative tiltak selskapet har vurdert før dei konkluderte med null i utbtte. Kommunane vil måtte gjere ein grundig gjennomgang av sin tenesteproduksjon og kanskje gjennomføre kutt. Det kan såleis vere naturleg at kommunane, når dei skal ta til orientering eit nullutbyte også kan sjå det i samanheng med kva Tussa som selskap har vurdert av eigne tiltak for å tilpasse seg situasjonen, meiner Sjurgard.

Tussa-konsernet gjekk med over 16 millionar i minus, ikkje berre grunna orkanen Dagmar, men også fordi kraftinntektene vart redusert grunna lågare kraftprisar. I fjor vart også ytingsbasert pensjonsordning erstatta av innskotsbasert pensjon. I samband med overgangen måtte ein eingongskostnad på knappe 20 millionar kroner bokførast.

– Eg synest ikkje det er naturleg at eigarane i denne situasjonen kan forvente like mykje i utbyte som tidlegare år. Det er styret sitt ansvar å finne ein god balansegang, slik at eigarane får sin del sjølv om det kjem år med minustal. Tussa bør kanskje vurdere å opprette ein buffer, eit fond ein kan hente pengar frå når det oppstår ekstremsituasjonar som med Dagmar, meiner Sjurgard.

Selje aksjar?

– Volda kommune har tidlegare vurdert å kome med framlegg om at Tussa kan selje ned sin eigen aksjepost på nær 13 prosent, noko som no ville ha frigjeve opp til 130 millionar kroner viss alle aksjane vart selde. Kan dette vere eit tema for dykk å ta opp att?

– Det er jo ei muligheit. Men dette ynskjer eg ikkje å ta stilling til no. Eg vil at formannskapet skal drøfte problematikken kring utbyte før generalforsamlinga i Tussa i slutten av månaden, seier rådmann#<\p>Rune Sjurgard i Volda.