Formannskapet handsama torsdag saka om samfunnsdel til kommuneplanen og ny planstrategi. Som ein del av samfunnsplanen er det lagt opp til at Ørsta skal få eit nytt slagord.

På bordet låg det framme forslag om to slagord. Det eine er «Ørsta – bygdebyen ved Sunnmørsalpane» som rådmannen likar best, og «Ørsta – midt i Sunnmørsalpane».

Oktober

Formannskapet vedtok kort og godt å trekkje slagordet ut frå handsaminga av samfunnsplanen, og i staden køyre eit eige løp for nytt slagord, og med siktemål å få eit vedtak på dette til oktober.

Det skjedde etter at varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) i innleiinga av debatten bad om at det ikkje berre vart diskutert slagord.

– Det har vore ein debatt om dette. Eg ynskjer ikkje å gjere slagorddebatten liten, men samfunnsdelen i kommuneplanen handlar trass alt om korleis vi ynskjer Ørsta skal utvikle seg dei neste femten til tjue åra, sa Hovden.

Jostein O Mo (Ap) var samd med Hovden.

– Vi har i arbeidet med samfunnsdelen hatt ni til ti verdiverkstader. Vi kan kople slagordet til slike verkstader, og ta slagordet ut frå den saka vi no held på med, sa Mo.

– Ikkje klare for vedtak

Gunnar Knutsen (V) sa seg samd med Mo.

– Eg ynskjer ein annan prosess for nytt slagord, og eg trur det er veldig mange meiningar blant folk. Vi er ikkje klare til å gjere vedtak om slagord, sa Knutsen.

Hans-Olav Myklebust (Frp meinte også at slagordsaka burde utsetjast og handsamast som ei eiga sak. Myklebust foreslo at gruppeleiarane i dei politiske partia og rådmannen og hennar stab kunne utgjere ei arbeidsgruppe for den vidare prosessen.

Jostein Mo kritiserte sjølve prosessen som har vore: Det har vore ein del av høyringa av ein stor plan. Viss det hadde vore ein eigen prosess, ville resultatet vorte betre og breiare. Dette er ei sak som engasjerer så mykje ute blant folket at vi ikkje berre kan overlate henne til politikarane, sa Mo, og foreslo ei arbeidsgruppe samansett av rådmannen, ein politikar og representantar frå ungdomsrådet, næringskontoret, reiselivskontoret og eldrerådet.

Identitet

Eldar Rune Øye i rådmannen sin stab fungerte som rådmann under møtet, og poengterte at det har vore ein prosess knytt til slagordet.

– Det kan ikkje vere naudsynt å starte prosessen på nytt. Dette har jo vore ute til høyring. Slagordet må fyrst og fremst ha med identitet og geografisk plassering å gjere. Det er berre nokre få kommunar som har lukkast med slagord, og det må vere kort og fyndig. Vi meiner Sunnmørsalpane er veldig viktig merkevarenamn. For all del, ta vare på det. Vi må eige Sunnmørsalpane, sa Øye.

Karen Høydal (Ap) meinte forslaga som låg føre hadde for lite futt.

– Det må vere slagord med meir energi, og seier meir opp og fram, sa Høydal

– Fremst mellom Sunnmørsalpane, repliserte Mo.

Forlis

Ola Perry Saure var samd i at slagorddebatten måtte ut av kommuneplanen.

– For eg ser at eit uheldig slagord kan forlise heile kommuneplanen, sa Saure.

Det vart røysta over Mo og Myklebust sine framlegg, og forslaget frå Mo fekk fem røyster og fleirtal.