I 11-tida onsdag vart ein mann i 20-åra teken av politiet i Ålesund etter at han skal ha befølt ei jente på bussen mot Magerholm. Det syner seg no at den same mannen laurdag morgon vart kontrollert av politiet på nattbussen etter tips frå passasjerar.

– Patruljen hadde i oppdrag å kontrollere ein mann som hadde befølt tre kvinner medan dei sov i nattbussen. Dette skal ha skjedd før bussen kom til Stryn. Patruljen sjekka identiteten til mannen og fotograferte han. Dette var same mann som i går kveld vart teken i Ålesund for liknande forhold, stadfestar lensmann Guttorm Hagen.

Kontrollen skjedde i Furene i 08-tida laurdag. Dei tre kvinnene på nattbussen ville melde hendingane når dei kom fram til sine reisemål. Den mistenkte mannen er ikkje busett i Ørsta eller Volda. Mannen heldt fram bussturen til Ålesund, der han altså vart teken for eit liknande tilfelle fire dagar seinare. Mannen sit no i arresten i Ålesund.