Kvadratmeterprisen på einebustader i Volda kommune har hatt ein auke på nær 43 prosent dei siste fem åra. Det er blant dei beste på landsoversikta.

Kvadratmeterprisen for einebustader i Volda kommune har auka frå 11.369 kroner den 1. januar 2009 til 16.214 kroner ved inngangen til 2014. Det er altså ein auke på 4.845 kroner per kvadrat i løpet av denne femårsperioden. Det gir ein oppgang på 42,6 prosent, noko som er ein klart større auke enn kva vi ser på landsbasis.

Auken i Møre og Romsdal

Den nyaste bustadprisindeksen til Statistisk sentralbyrå fortel at gjennomsnittsprisen for heile Noreg var på 20.780 kroner per kvadratmeter den 1. januar i år. Tabellen som viser utviklinga frå fem år tilbake vitnar om ein vekst på 4.324 kroner pr kvadrat – eller 26,3 prosent.

I Møre og Romsdal har det vore ein auke på 3.500 kroner for kvar kvadrat, som vil seie ein vekst på knapt 28 prosent. Det er Giske kommune som har best utvikling i Møre og Romsdal, med eit hopp på heile 54 prosent, etterfølgt av Rauma med 45,7 prosent auke. I den andre enden av skalaen her i Møre og Romsdal kjem Surnadal kommune, som har ein auke på berre tre prosent.

Minst ti sal

I Ørsta kommune har snittprisen per kvadrat gått opp med 3.281 kroner, og var på 14.064 per m² ved årets inngang. Det er opp 30 prosent på dei siste fem åra, noko som då må seiast å vere ein nokså stor auke det og.

Ein kommune må kunne skilte med minst ti omsetjingar av einebustader i løpet av begge åra som er samanlikna her. Elles blir grunnlaget naturleg nok for tynt til å måle utviklinga. Det er også viktig å vere oppmerksame på at statistikken er ein prisindeks, som ikkje nødvendigvis fortel det ”riktige” prisnivået i ein kommune. Det kan vere store ulikskapar i standard og storleik på dei omsette einebustadene frå det eine året til det andre, og dette kan påverke tala i indeksen i stor grad. Ein skal derfor vere svært varsame med å slå fast for mykje i mindre kommunar med få omsetjingar. Peikepinnen veks i takt med mengda sal, og vil vere meir treffande i større kommunar.

Best på vekst

Det er sjølvsagt ikkje alle kommunar i Noreg som har minst ti sal både i 2008 og 2013. Heilt nøyaktig er det 245 kommunar av 428 som kan vise til minst ti omsetjingar begge åra. SSB baserer tala sine frå finn.no sine prisrapportar. Her framkjem det også relevant informasjon, som eigarform og P-rom.

Den aller største veksten i Noreg hadde Brønnøy kommune i Nordland, der indeksen viste ein auke på heile 89 prosent. Blant desse 245 kommunane kjem Volda på ein meget fin 23. plass på ”veksttoppen”, og Ørsta på 79. plass.

Det blei selt 21 einebustader i Volda i 2008, mens det i fjor gjekk 36 einebustader under hammaren her, viser SSB-tala. I Ørsta var tala utrekna på bakgrunn av 17 selde i 2008, og 42 selde fem år seinare.