– Dette kjem i tillegg til i overkant av 700.000 kroner som låg inne i budsjettet frå før, og 700.000 kroner som ligg inne i fylkeskommunen sin økonomiplan. Det vil seie at totalsummen er 2,1 millionar kroner, oppklarte ordførar Rune Hovde i kommunestyret.

Det var stor vilje i kommunestyret til å berge skyssbåten. Både Ap/Frp-konstellasjonen og H/Sp/V/KrF-konstellasjonen hadde inne ei styrking av budsjettposten for skyssbåten i sine framlegg.

Det var i budsjettframlegget frå formannskapet lagt inn om lag 700.000 kroner til drift av skyssbåt komande år. Det ville saman med tilskotet frå fylkeskommunen ha vore for lite til å ha ei tilsvarande drift som i år.

I forslaget frå Ap/Frp var det lagt inn ein auke med 700.000 kroner, og frå H/Sp/KrF/V-koalisjonen 300.000 kroner. Dette vart endra til 700.000 kroner i løpet av budsjettdebatten.

Løyvinga til skyssbåten låg i ein samla pakka frå H/KrF/V/Sp, og det var denne pakken som fekk fleirtal.

– Hjørundfjorden er ei naturperle i verdsmålestokk. Eg var i New Orleans for ein månad sidan., og der var store reklameplakatar med bilete av Hjørundfjorden, som reklame for hurtigruta. Viss vi ikkje kan vidareføre skyssbåten er det veldig trist. Båten er viktig for privat og offentleg verksemd, og spelar ei utruleg viktig rolle for hurtigruta. Det er ingen andre som kan gje eit slikt tilbod med tendring til hurtigruta som MS Hjørundfjord, sa Odd Magne Vinjevoll (Frp).