Ei stund var det fare for at avslutninga på Språkåret 2013 i Ivar Aasen-tunet fredag kveld ville verte grundig amputert. Både programleiar Ida Habbestad, musikar Pål Moddi Knutsen og brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn stod stranda på Gardermoen etter at både vêrproblem og tekniske problem med flyet hindra dei i å reise til Hovden.

Takka vere snarrådig organisering av ei kriseløysing, enda det med at dei tre var med på heile programmet via videotelefoniprogrammet Skype på storskjerm i auditoriet på Aasentunet.

Fleire har høyrt om Ivar Aasen

Avslutninga på Språkåret var ei oppsummering av kva som har skjedd dette hendingsrike året for språka i Noreg. I eitt år har språkmangfaldet vorte markert med stafettar, kampanjar, nettsatsingar, debattar og mykje anna. Målet har vore å skape engasjement og forståing for språka.

At dei har lukkast i det, tyder ei undersøking utført av Ipsos MMI på:

– I desember i fjor spurde vi eit representativt utval av folket om dei hadde høyrt om Ivar Aasen. Då hadde 96 prosent høyrt om han. I november i år var talet 98 prosent. På denne tida i fjor sa berre to av ti at dei hadde høyrt om Språkåret 2013. Eitt år seinare er talet dobla. Det er også fleire i år enn i fjor som svarar at dei likar Ivar Aasen godt eller svært godt, at dei ønskjer at Noreg skal vere fleirspråkleg, og at nynorsk og bokmål skal vere jamstelte. Vi vel å tru at desse tala gir ein peikepinn på at bodskapen i språkåret har nådd fram, at det vi har fortalt om språkleg mangfald har nådd fram, sa prosjektleiar for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk.

Mange språk i Noreg

Språkåret 2013 har vore ei feiring av ikkje berre dei to store språka, nynorsk og bokmål, men alle språka som vert brukt av dei etter kvart mangfaldige folka som bur i landet.

– Mange har i Språkåret vorte overraska over kor fleirspråkleg Noreg er. Vi har både urfolkspråk, minoritetsspråk, innvandrarspråk, og teiknspråk, i tillegg til bokmål, nynorsk og dialektar. I språkåret har vi vore opptekne av å få til samarbeid mellom representantar for forskjellige språkmiljø. Vi har også vore opptekne av å vise fram dei tre nasjonale minoritetsspråka i Noreg: kvensk, romani og romanés, sa Sæterbakk.

Språk, demokrati og toleranse

Reidar Sandal, styreleiar i Nynorsk kultursentrum, heldt avslutningsvis ein tale om språk og demokrati, der han understreka den viktige samanhengen mellom dei to.

– Språklege rettar vert først reelle når eit språk kan brukast i kva skriftleg samanheng det skal vere i eit samfunn. Den som då set grenser for bruken av språk, set også grenser for demokratiet. Difor sa Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag i hundreårserklæringa vi la fram 5. august, at språk og demokrati framleis skal vere to sider av same sak, sa Sandal. Vidare vektla han kor viktig det er å ha respekt for kvar sine språk.

– Sidan 1892 har innbyggjarane gjennom rågjevande folkerøystingar og lokale mynde gjennom vedtak forma Noreg som eit samfunn med ein språkdelt norsk kultur. Dette har gjort språkpolitikk til ei sak for folk flest, og noko som fleire eig i enn i andre land. Om vi skriv bokmål, nynorsk, dialekt, sørsamisk eller kvensk, eller brukar eitt av dei mange minoritetsspråka Noreg har så mange av, gjeld denne grunnlova om språket i demokratiet. Kvar borgar skal verte møtt med respekt for sitt språk. Og desse språkrettane er ein ukrenkeleg del av kvardagen.

Reidar Sandal, styreleiar i Nynorsk kultursentrum.
Liv Håker steppa på kort varsel inn for Sigrid Moldestad, som ikkje kunne kome grunna vêret.