Endringar på emballasjen har gjort at TINE no pakkar 27.000 fleire pakkar Snøfrisk på kvar trailer.

Reduserer CO2-utsleppa

Prosjektet ved TINE Meieriet Ørsta der Snøfrisk vert produsert og pakka, er eitt av fleire emballasjeoptimeringstiltak TINE har sett inn for å redusere transport og seinke CO2-utsleppa i verdikjeda for mat.

I 2012 brukte TINE nesten 30.000 tonn emballasje. Som storforbrukar og transportør av matemballasje har TINE sett seg tydelege miljømål og erklært at berekraftig ressursutnytting skal styre deira tiltak på emballasje.

Kjeldesortering

– Vi tek jobben på alvor og prioriterer auka ressursar til å gjennomføre tiltak. Vi utarbeider no ein politikk for emballasjeutviklinga. Vår emballasje skal ta forbrukaren sine ønskjer, behov og brukssituasjon på alvor. Den skal kunne kjeldesorterast og samlast inn gjennom etablerte returordningar. Samstundes som vi sjølvsagt skal følgje krava frå kundane våre, seier sjefen for emballasjeutvikling, Morten Aas.

– Dette er ein enkel og kostnadseffektiv måte for matleverandørar å bidra til lågare transportutslepp. Som stor industriaktør må TINE ta eit samfunnsansvar, seier leiar for samfunnsansvar, Bjørn Malm.

TINE har eit mål om å redusere klimagassutsleppet med 30 prosent innan 2020, med utgangspunkt i utsleppsnivået i 2007.