– Vi har ein stabil stab på 21 fast tilsette. Dei har høg kompetanse og har vore tilsette i fleire år. I haust har vi også fire mellombels tilsette som hjelper oss med alt vi skal ha gjort, fortel regiondirektør Solveig Festø.

Studie- og skulestart er ei særleg hektisk periode for dei som jobbar i Lånekassa, då det toppar seg med søknader om stipend og lån.

Samfunnsnyttig

Festø har lang fartstid i Lånekassa, og har vore med nesten heilt frå starten. Kontoret i Ørsta vart etablert i 1986, og Festø starta som sakshandsamar i 1988. For fire år sidan tok ho over som regiondirektør.

– Det må vere eit teikn på at eg trivst i jobben at eg har vore her alle desse åra, seier ho.

Sidan 1947 har Lånekassa delt ut lån og stipend til kunnskapshungrige nordmenn. Det første året vart det delt ut 3,3 millionar kroner til 2.200 studentar. 65 år seinare, i 2012, vart det delt ut 21,8 milliardar kroner, fordelt på 397.200 studentar. Totalt har Lånekassa nær ein million kundar.

– Viss vi hevar blikket frå papira og ser det store biletet, så kan vi sjå kor viktig Lånekassa har vore og er for mange. Det er kjekt å jobbe med noko som betyr så mykje, og er så samfunnsnyttig, seier Festø.

Effektivisert

Sidan 2004 har det pågått eit moderniseringsarbeid i Lånekassa. Automatisering og effektivisering har stått i fokus. Moderniseringa har alt gitt store vinstar. Talet på førespurnader over telefon er redusert frå 1,5 millionar til 500.000 i året. Snittet på sakshandsamingstid for søknader om lån og stipend er halvert frå 16 til åtte dagar, og 64 prosent av alle søknader om støtte vert handsama maskinelt.

– Det spennande å modernisere seg, men det er utfordrande også. Men at Lånekassa evnar å utvikle seg og ta i bruk ny teknologi har gjort alle åra eg har jobba her interessante og spesielle, seier Festø.

Desentralisert

Lånekassa har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Ørsta.

– Alle dei store byane i Noreg, seier Festø lattermildt.

Alle regionkontora utgjer ei eiga avdeling, av totalt seks ulike avdelingar. Alle ligg under ein administrerande direktør. Over direktøren er det eit styre, som igjen ligg under Kunnskapsdepartementet.

På 70-talet var det klare politiske signal om at Lånekassa skulle vere desentralisert, og det var sterke krefter som jobba for å få etablert kontoret i Ørsta i 1986.

– Vi er nær studiemiljøa i Volda og Ålesund, og vi har vore eit kontor for heile nordvestlandet. I Lånekassa representerer Ørstakontoret både bygdenoreg og nynorskmiljøet, og samstundes har vi god tilgang på kvalifisert arbeidskraft, seier Festø.

Ei frå Oslo som besøkte kontoret meinte også at Ørstakontoret var det enklaste kontoret å kome seg til fordi detligg så nært flyplassen.

Felles ansvar

Første året hadde Ørstakontoret ansvaret for førstegongssøkjarar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Sidan har det auka på med ansvar for fleire fylke. Med ny teknologi har alle regionkontora eit felles ansvar for å få unna køane av tilbakebetalingssaker, og Ørsta, Stavanger og Tromsø har no felleskøar for tildelingssaker for mest alle fylka i landet.

– Kvart kontor har også sitt eige spesialområde, og i Ørsta har vi ansvaret for ettergjeving av lån ved dødsfall.

Ikkje truga

Dei ulike regionkontora har alltid hatt tett samarbeid, og i dag har Festø nær daglege videokonferansar med kollegaer andre stader i landet.

– Å vere desentralisert er ikkje noko problem. Med dagens teknologi kan vi sitje mest kvar det skulle vere.

Det er politisk bestemt at Lånekassa skal ha den strukturen den har i dag, og så langt har effektiviseringa og moderniseringa ikkje truga regionkontora.

Ved utgangen av 2012 hadde Lånekassa 313 tilsette fordelt på alle kontora og avdelingane, og rundt 140 av desse er sakshandsamarar.

– Det er berre éi Lånekasse, men vi ute på kontora bidreg med lokalkunnskap. Det er ei heilskapleg forståing for korleis ting fungerer langs heile den lange kysten vår. Vi har aldri vore truga av oppseiingar, men vi vert nok heller ikkje større enn det vi er no.

Lånekassa har halde hus i bygget mellom Amfi og Nordea sidan 1996. Før det heldt dei til på rådhuset. Solveig Festø har vore regiondirektør dei siste fire åra, men har lang fartstid i Lånekassa. Ho byrja å jobbe der i 1988.