Gjennom eit delegert vedtak har Meteorologisk institutt får dispensasjon frå arealdelplanen, slik at det kan førast opp ein automatisk vêrstasjon ved Storevatnet, mellom øvre heisstasjon og skitrekket i Nottane.

Når kommunen seier ja til vêrstasjonen, er det fordi han vil medverke til å gje sikrare varsel om m.a. snøskred.

– Kommunen legg vekt på at tiltaket har samfunnsmessig betydning, då desse meteorologiske målingane vil vere viktige for varsling av snøskred i området. Vidare vert det lagt vekt på at tiltaket ikkje medfører større ulemper, heiter det i vedtaket.