Rundt eit bord på ein grøn flekk i løypa på Ørsta skisenter, Bondalseidet, har ein gjeng benka seg med dagens lunsj. Dei er svært nøgde med å få rent seg litt. Særleg dei to som er aktive alpinistar.

- Vi har hatt sesong sidan oktober, men har leita litt etter snøen.

Eirik Rekkedal Åmbakk og Sondre Åmbakk sit saman med heile storfamilien og tek ein pust i bakken. Eirik fortel at dei har hatt ein fin sesong så langt, og at dei har vore på renn både på Bjorli og i Molde, men at det stort sett er kunstsnø dei køyrer på. Bortsett frå Bjorli der det også har kome nokre naturlege fnugg frå himmelen.

- Det var dårleg med snø i fjor også, men ikkje så gale som i år.

På Bondalseidet går det mest i leik og moro.

- Føret er litt glatt og isete, og her er ein del vind, men eg har vore her på verre dagar altså, seier Marta Aambakk Frisvold.

Dei andre er samde.

- Det er fint å få renne seg.

Plass til fleire

Far og onkel, Johan Frisvold, seier at dei har smurt seg med tolmod lenge.

- Vi har hytte her, så har venta ei stund på denne snøen. Vi skal vere her i vinterferien også, så det hadde vore fint med litt påfyll i bakken til då.

Assisterande driftsleiar Ole Flø fortel at der er plass til fleire i løypa, og at kunstsnøen framleis held god stand mot plussgradene.

- Folk gløymer kanskje at her er ope fordi det er grønt rundt huset heime. Men fleire bør gjere som dei som er i bakken og få på seg skia, oppmodar han.