Finansieringa vert dermed gjort etter same prinsipp som med Kiwihallen.

– Dette er den ideelle julegåva til den som har alt, seier Audun Kristian Høidal i økonomigruppa for Mørehallen-prosjektet.

Tanken er at alle privatpersonar som vil støtte bygginga, kan kjøpe ein symbolsk kvadratmeter kunstgras for tusen kroner. Tilbake får ein eit andelsbrev som viser at ein har støtta saka, og ein får namnet sitt på ein stor plakat som skal hengje inne i hallen.

Dugnad

Salet av kvadratmeter starta onsdag.

– Dette er voldingane og ørstingane sin dugnadsinnsats for prosjektet. Ved å kjøpe ein kvadratmeter kunstgras, slepp ein å gjere noko fysisk arbeid. Det skal utførast av profesjonelle, innleigde folk. Dugnaden er altså av økonomisk art, seier Høidal.

Den totale kostnadsramma for Mørehallen er rekna til 15 millionar kroner. Hovudsponsor for hallprosjektet er Sparebanken#<\p>Møre. Men sjølv om mykje er finansiert via tippemiddel, momsrefusjon, lån og sponsing, treng ein altså draghjelp frå lokalbefolkninga også.

Kunstgrasrotandel

Høidal fortel at ein ved å kjøpe andel, kan vere med og støtte eit lokalt fotballag i same slengen.

– Dersom ein kjenner nokon som spelar fotball, kan ein kjøpe ein kvadratmeter av den personen. Då vil 800 kroner gå til Mørehallen og 200 kroner gå til fotballaget. Dei små fotballaga treng pengar til cupar og turneringar, som elles må drivast inn ved høgare kontingent eller tombolaer o.l.

Fotballhallen skal stå ferdig til våren. Høidal ser fram til å få ei ny storstove på plass i bygda.

– Dette betyr at vi kan utvide sesongen til å vare året rundt. I tillegg kan hallen leigast ut til andre aktivitetar som messer og slikt.