Hjørundfjord Adventures søkte i slutten av oktober om løyve til å lande med helikopter på fire fjelltoppar. Dette som del av eit prøveprosjekt for å tilby heliski-turisme.

Ørsta kommune handsama søknaden, og kunne fortelje at det med dagens regelverk er vanskeleg å gje løyve til slik helikopteraktivitet.

Myklebust svarar at han på bakgrunn av informasjonen frå Ørsta kommune no vel å trekkje søknaden.

– Heliskiing møter monaleg motstand, samstundes som fleire i turistnæringa ser at ein kan lage spanande produktpakkar der heliskiing er ein av fleire aktivitetar. Men på bakgrunn av den informasjonen vi har fått frå Ørsta kommune, vel vi difor å trekkje søknaden vår i denne omgang, skriv Myklebust på vegner av Hjørundfjord Adventures.