Forslaget om å innføre hamneavgift i Ørsta kommune vart vedteke av kommunestyret for to år sidan. Etterpå skjedde det ikkje noko meir med den saka.

No har spørsmålet om hamneavgift kome på dagsorden att, og er nemnt i eit eige punkt i budsjettvedtaket.

Einingleiar kommunalteknikk, Ulf Rognstad, har fått i oppgåve å lage eit høyringsframlegg om kva innføring av hamneavgift vil innebere for Ørsta kommune. Dette vil verte klart ein gong i vår for handsaming av kommunestyret.

Rognstad seier til Møre-Nytt at ei hamneavgift vil verte tonnasjebasert, og mest truleg basert på same modell som dei kringliggjande kommunane brukar.

– Ålesund har hatt hamneavgift lenge, og Ørsta er ei av dei få kommunane att i Møre og Romsdal som ikkje har det, seier Rognstad.

– Kven vil hamneavgifta gjelde for?

– Ho gjeld alle båtar som kjem inn til Ørsta kommune, utanom dei som har automatisk fritak, som forsvaret sine fartøy og slikt.

– Kva med ferjene?

– På Festøya–Solavågen må vi leggje oss på same praksis som Ålesund, som Sula ligg inn under.

– Og hurtigruta?

– Det er ikkje tenkt unntak for hurtigruta. Men om andre vil ha det, kjem det nok fram når forskrifta kjem på høyring.

– Kva summar er det snakk om?

– Det har eg ikkje oversikt enno. Ein må sjå kva dei andre distrikta tek, så må det vere eit fornuftig nivå i forhold til utgiftene ein har, seier Rognstad.

Rognstad presiserer at ei hamneavgift ikkje kan vere ei inntektskjelde for kommunen. Hamneavgifta kan berre brukast til sjølvkostreknskap som skal gå til drift og vedlikehald av kommunal kaistruktur.

Vidare fortel han at kommunen har rett til å krevje hamneavgift frå skip som legg til innanfor kommunegrensene, sjølv om kaiene er eigd og drifta av Statens vegvesen og Fylkeskommunen, slik ferjekaiene er.