Årsaka er større skadar på brua ved Myklebustsetra, og brua må verte reparert før vegen vert opna for trafikk igjen.

– Det vil sjølvsagt vere høve til å køyre opp til hytter anten frå Standalsida eller frå Kolås-sida, men gjennomkøyring er ikkje råd, seier oppsynsmann Arnstein Ose i Ørsta kommune.

Årsaka til at brua er såpass øydelagt at ho må stengjast og reparerast er flaumane i det siste. Under uveret i november kom dei første skadane.

Forverra

– Skadane har vorte forverra i ettertid. Då vi nyleg byrja å grave for å reparere brua, såg vi at det har vorte vaska ut svært mykje av brufundamentet. Vi er nøydde til å støype nye fundament nedstraums natursteinsmuren i brua, seier Ose.

Det vart fyrst vurdert å stengje brua for all trafikk over tre tonn, men konklusjonen er at brua er i så dårleg stand at ho vert stengt for all motorisert ferdsel.

– Syklande og gåande vil ha høve til å passere brua, seier Ose.

Vegstenginga vert skilta med opplysningsskilt på Festøya og i Kolåsen. Brua vert stengt fysisk med sperremateriell.

– Vi håper å få brua reparert, og vegen opna til jul, men kan ikkje love dette, seier Ose.

Ørsta kommune vil opplyse om når vegen vert opna.