Saka mellom Harry Moe og Ørsta kommune starta i 1999 då kommunen vedtok reguleringsplan for Øvre Mo-Mosbakkane. Sidan har det gått slag i slag. Kjernen til usemja mellom kommunen og Harry Moe, har vore at kommunen ønskjer å bygge ein veg til det nye byggefeltet på Øvre Mo, over Moe sin eigedom. Det ønskjer ikkje Moe.

I 2005 sveltestreika han i 41 dagar for å få kommunen til å legge vekk saka. Kommunen bøygde av, og Moe avslutta sveltestreiken. Dei heldt fast på eit oreigningsvedtak, men sa i eit nytt vedtak at dei ville utsette vegbygginga til det var absolutt naudsynt, dersom Moe ville akseptere dette.

Ørsta kommune meiner at det no var naudsynt å byggje vegen, medan Moe hevdar at vedtaket om oreigning er gått ut. Han hevdar også at han ikkje har sagt ja til nokon avtale om å overdrage jorda til kommunen etter desse åra. Kommunen fremja også eit krav om erstatning på to millionar kroner, då entreprenøren som skal bygge vegen har fått auka kostnader som følgje av at Moe nektar å gi frå seg arealet.

Etter to dagar i søre Sunnmøre tingrett er dommen no klar.

- Retten finn at saksøkjar ikkje har oppfylt si bevisbyrde og at saksøkjar ikkje har sannsynleggjort at det har vorte inngått ein bindande avtale mellom Harry Moe og Ørsta kommune om å avstå delar av Moe sin eigedom til kommunen, heiter det i dommen.

Retten finn heller ikkje vilkåra for erstatning oppfyllt.

- Retten har kome til at det ikkje er inngått ein avtale mellom kommunen og Moe om avståing av areal til kommunen, og kommunen kan då ikkje gjere inngrep på Moes eigedom utan lovleg heimel.

Det vert og understreka at det ikkje er opp til retten å avgjere om kommunen har vore tilstrekkeleg aktsom då dei inngjekk avtalen med entrepenør.

Ørsta kommune må erstatte Harry Moe sin sakskostnader på 150.100 kroner.