Tidlegare har Næringskonferansen Søre Sunnmøre avslørt at konsernsjef i Statoil og vartdaling Eldar Sætre kjem til Ørsta 22. mars. Konferansen melder at påmeldinga har vore god så langt og at over femti prosent av billettene er selde.

- Konferansen vil som alltid arbeide hardt for eit godt samansett program som gir inspirasjon, kompetanse og fagleg påfyll til alle deltakarar. Foredragshaldarane er plukka frå øvste hylle og utifrå erfaring, kompetanse og resultat for å kunne levere eit godt innhald gjennom heile konferansedagen, seier Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor.

No er fire nye namn klare for konferansen. Finansanalytiker Pål Ringholm er i dag tilsett som analysesjef i Sparebank1 Markets og kjem til Ørsta 22. mars.

- Ringholm har over 20 års erfaring frå den norske bank- og finansmarknaden. Ringholm er vinnar av samtlege årlege kåringar som Noregs beste kredittanalytikar sidan bladet Kapital starta kåringa, heiter det i ei pressemelding.

Tv2-journalist Kadafi Zaman har arbeidd som nyheitsreporter i TV2 i ti år, og i Ørsta vil han dele erfaringar om kva slags journalistiske og etiske utfordringar redaksjonene no står ovanfor.

Oddgeir Garnes var den tredje tilsette i Google Norge, og har frå før erfaring frå Microsoft. I dag arbeider Garnes som kommersiell direktør i Google.

Under Næringskonferansen skal også det lokale næringslivet vise att, og i år vil dagleg leiar og medeigar i Rufo AS, Knut Steinnes, stå på scena i Ørsta kulturhus.

- Firmaet var etablert i 1983 og har gått frå å vere eit «lite firma utan store ambisjonar» til å bli kompetansebedrift med ein klar visjon om å ta deler av den europeiske marknaden. Dette blir realisert gjennom langsiktig bevisst satsing på digitalisering og robotisering. Knut er prototyp på ein grunder, er positiv, ivrig, utålmodig, arbeidsam og stiller alltid opp.