Dette går fram av eit notat frå Ørsta kommune.
– Hotellet vil ha turistkontoret tilbake til Karjolen m.a. for å kunne tilby samarbeid med hotellet og opningstider døgnet rundt. Hotellet ser føre seg ein ambisjon om å ta eit mykje større «samfunnsansvar» enn tidlegare. Dei vil gjerne samarbeide med reiselivslaget der eit større miljø og arbeidsfellesskap vil kunne gi positive effektar og gevinstar, skriv avdelingsleiar for plan- og miljøavdelinga i kommunen, Gunnar Wangen.
Overfor kommunen har hotellet peika på at hotelleigar Havila Holding har mål om at Sunnmøre skal verte kystrutas Lofoten og vil at Ørsta kommune skal vurdere å invitere «Nordveggen» frå Rauma, slik Herøy kommune har gjort. Nordveggen er eit lokalt utviklingsselskap som gjennom ulike prosjekt arbeider for å styrke Åndalsnes og Rauma som attraktivt bu- og arbeidsområde.
– Hotell Ivar Aasen ønskjer ei rask avklaring om bruk av Karjolen, skriv Gunnar Wangen.