– Grensejusteringa inneber ein risiko for konflikt mellom Ørsta kommune og nye Volda kommune, som på sikt kan føre til eit dårlegare samarbeidsklima.

Det skriv Ørsta formannskap i eit nokså kvast brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samband med saka om grensejustering for Bjørke og Viddal.

Formannskapet sender brevet for å informere departementet om at det er tverrpolitisk semje i Ørsta kommune om at det er naudsynt å søkje deltaking i større kommunekonstellasjonar.

– Ørsta formannskap ber difor innstendig om at departementet ikkje vedtek denne grensejusteringa. Ørsta kommune ønskjer å ta del i kommunereforma på ein konstruktiv måte og ønskjer å unngå ressursøydande tvistar med nye Volda. Men vi treng tid til å gjennomføre gode prosessar lokalt. Det ber formannskapet om forståing for. Kommunane på Søre Sunnmøre har allereie formalisert ei rekkje samarbeidsprosjekt i regionen. Det er med utgangspunkt i dette samarbeidet Ørsta no ønskjer å arbeide vidare med nye kommunekonstellasjonar, heiter det i brevet til departementet.

Det er underskrive av ordførar Stein Aam (Sp), Karen Høydal (Ap), Jostein O Mo (Ap), Hans Olav Myklebust (Frp), Paul Kristian Hovden (KrF), Gunnar Knutsen (V) og Synnøve Rekkedal Hill (Sp).

Hornindal

– Samanslåingsarbeidet mellom Volda og Hornindal har kome for langt til at det er føremålstenleg for Ørsta å trå inn i dette no. Leiar i fellesnemnda for nye Volda kommune har signalisert at dette ikkje vil vere aktuelt dei næraste åra av kapasitetsmessige årsaker. Som nemnt signaliserer eit samrøystes formannskap likevel at Ørsta kommune er positive til neste fase av kommunereforma. Vi tenkjer no større enn berre Ørsta og Volda. Vi ser at det i vårt fylke kjem til å verte fire sterke regionar, og at Søre Sunnmøre må samle seg som ei motvekt til ein ny og sterk Ålesundsregion, heiter det i brevet.

Eit samla formannskap er svært bekymra for at ei grensejustering av Bjørke og Viddal til Nye Volda vil føre til store vanskar for Ørsta kommune.

– Formannskapet er bekymra for at den føreslegne grensejusteringa potensielt kan vanskeleggjere moglege framtidige kommunesamanslåingar for Ørsta kommune. Ei grensejustering føre til store økonomiske vanskar for Ørsta kommune. Vi har tidlegare dokumentert at kommunen vil få eit årleg inntektstap på 14–18 millionar, heiter det i brevet m.a.

Formannskapet fryktar at Ørsta kommune vert mindre attraktiv om verdiane frå Bjørke vert overført til Volda kommune.

– Desse verdiane vil vere eit godt forhandlingskort for Ørsta kommune, samanlikna med eit økonomisk uføre.

Formannskapet peikar på at Ørsta kommune var ein aktiv deltakar i første fase av kommunereforma.

– Det vart tidleg klart at ei samanslåing med Volda var det beste og mest realistiske alternativet. Deretter vart det lagt ned eit betydeleg arbeid med å hente inn fakta, utarbeide intensjonsavtale, halde folkemøte og møte i forhandlingsnemnda. I det politiske miljøet i Ørsta vart det opplevd som svært forstyrrande for samanslåingsprosessen med Volda, då Volda og Hornindal inngjekk intensjonsavtale om samanslåing. Denne vart inngått like i forkant av folkerøystinga om samanslåing av Ørsta og Volda, der 61,8 % av innbyggarane i Ørsta og 68,9 % i Volda røysta nei. Kommunestyret følte seg forplikta til å følgje folkeviljen, skriv formannskapet.

Tenestetilbod

I tillegg meiner Ørsta-politikarane at innbyggarane i Ørsta få eit dårlegare tenestetilbod.

– Vidare vil dei store utviklings- og investeringsprosjekta, som kommunen no er inne i, verte sterkt skadelidande i tida fram til nye konstellasjonar kan verte realisert. For det andre vil ei eventuell grensejustering utvilsamt medføre eit betydeleg meirarbeid for både Ørsta kommune og Volda kommune i ein overgangsfase. Det må blant anna gjennomførast eit økonomisk oppgjer mellom kommunane. Grensejusteringa inneber også ein risiko for konflikt mellom Ørsta kommune og nye Volda kommune, som på sikt kan føre til eit dårlegare samarbeidsklima.

– Formannskapet kan ikkje sjå at det ligg føre sterke nok grunnar til at omsynet til lokaldemokratiet og den lokale folkeviljen i dette tilfellet bør vike. Grensejusteringa gir ikkje færre kommunar eller nemneverdige administrative innsparingar. Vi kan heller ikkje sjå at den vil ha klare fordelar for innbyggarane i området, noko som vert reflektert ved at fleirtalet ønskjer å fortsette å vere ein del av Ørsta kommune. Grensejusteringa vil, stikk i strid med det uttalte målet med kommunereforma, i ein overgangsfase, føre til eit betydeleg og unødig administrativt meirarbeid, skriv Ørsta formannskap.