For to år sidan byrja lærarane Ronald Heidanus og Inge van de Goor å gjere alvor om draumen om å ta med seg ungane og besøke skandinaviske skular. Gjennom mange år har familien vore flink til å spare opp pengar. Ein bubil vart kjøpt inn og lærarane byrja å kontakte skular i Sverige, Danmark og Noreg.

– Eg hugsar ikkje akkurat augneblinken då det starta, men dette er ein tanke som har vakse med tida. Vi har snakka mykje om utdanning både med kollegaer og heime. Gjennom samtalene kom vi inn på sporet om å utforske utdanning i andre land, seier Inge.

Draumar og frustrasjon

Korleis skal vi oppdra borna våre har og vore eit viktig spørsmål som Ronald og Inge har diskutert mykje. At Jonah, den nest eldste sonen, var i ei klasse der han ikkje følte seg trygg nok.

– Dette saman med at situasjonen ikkje ville endre seg på kort tid var ein viktig faktor for at vi realiserte planane. Kombinasjonen av draumar og frustrasjonar gjorde at vi tok steget.

Etter ein lang prosess med det nederlandske skulesystemet fekk familien lov til å ta ut ungane av skulen, men Feie, Jonah og Leiah har alle følgt skuleplanen til sine klasser heime i Tilburg med Ronald og Inge som lærarar.

Å få innpass på skular i Skandinavia var heller ikkje så lett i starten. Over to hundre skular vart kontakta, men dei fekk berre svar frå ti. Gjennom kontakt på sosiale medium kom etter kvart i kontakt med fleire skular og ein plan for seks månader på tur byrja å ta form. Den første skulen dei vitja var i Tyskland. Deretter vart fleire skular i ulike storleikar besøkt i Danmark, også ein folkehøgskule. Turen gjekk innom Sverige før dei kom til Ørsta og Dalane skule for to veker sidan.

– Det er ein nederlandsk familie som har born på Dalane skule. Gjennom Facebook fekk vi vite om skulen og det har vore veldig bra å vere her.

Opne og inkluderande

Ronald og Inge har berre rosande ord å seie velkomsten og opphaldet på Dalane skule.

– Alle her har ein positiv energi. Det er eit godt forhold mellom lærarane og elevane. Vår dotter, Leiah, brukar litt tid på å finne seg til rette, men her har ho vore heilt trygg og spring inn og ut av dørene. Elevane her er nysgjerrige og stiller oss mange spørsmål, seier Ronald.

– Vi var litt spente på å kome til Noreg. Nordmenn har eit rykte på seg for å vere reserverte, men vårt inntrykk er at de er opne. Her har blitt invitert heim til lærarar, blitt tekne godt imot og inkludert. Vi har hatt rom til å vere oss sjølv og utforske. Det har gjort at vi følte oss veldig velkomne, seier Inge.

På Dalane skule var dei spente før dei fekk besøk.

– Vi har ein travel kvardag med mykje å gjere. Vi lurte litt på korleis vi skulle få det til, men det har både vore veldig kjekt og veldig spennande. Det er kjekke folk som har passa inn her. Så er eg også stolt over mine elevar som integrerte besøket så godt, seier rektor Audhild Baarholm Øye.

Forskjellar

Det er fleire forskjellar mellom skulesystemet i Nederland og Noreg.

– I Nederland blir sett karakterar allereie i barnehagen. Her og i Danmark er det ikkje lov. Vi trur at fordi de har eit ope tankesett her. Lærefarta er kanskje litt treigare her, men den er strekt over lengre tid. Her går de vidare etter årstrinn, medan du i Nederland må fullføre og få godkjent før du kan avansere, seier Ronald.

– Eg trur at dette handlar mykje om å stole på kvarandre. Bland mine kollegaer i Nederland ser eg mykje frykt og mange som tvilar på om dei gjer jobben sin rett. Har dei ei klasse der karakterane ikkje er så gode så er det ei skam. Det fører igjen til stress, seier Inge.

Mot slutten

Opphaldet på Dalane skule vil den nederlandske familien hugse godt. No går turen vidare til Fedje før det blir bubilferie i Noreg. Truleg vert Nordkapp ein destinasjon for familien. Etter det blir heimereise til Tilburg.

– Vil vil arbeide vidare med prosjektet vårt, og vonleg kjem vi oss ut att på tur.