Det seier salsleiar Odd Erik Hovden i Norhus. I desember i fjor kjøpte dei Målargarden på Nedre Engeset i Ørsta, og Norhus skal bygge ein firemannsbustad og to seksmannsbustader.

– Planlegginga er no mykje godtgjorde. For oss er det viktig å kunne tilby sentrumsnære leilegheiter i Ørsta, og det får vi no i 2018. Tomta i Målargarden er ferdig regulert og difor gjekk vi for dette prosjektet.

Planane for Målargarden er klare. Totalt skal dei tre bygga romme seksten leilegheiter. Storleiken varierer mellom 86 kvadratmeter til 94 kvadratmeter, og dei største leilegheitene blir på 109 kvadratmeter.

– Folk ønskjer fleksibilitet uavhengig av aldersgrupper. Desse leilegheitene skal vere stor nok til å fungere for mange ulike livssituasjonar. Her blir stor parkeringskjellar og bygga skal vere lett attkjennande som Norhus-bygg. Førebels er tilbakemeldingane på det vi har lagt fram veldig gode, og salet start om kort tid.

Vil bu sentrumsnært: Salsleiar Odd Erik Hovden seier at pågangen etter sentrumsnære leilegheiter i Ørsta i stor. I tillegg er det trend av småbarnsfamiliane vil busetje seg i Hovdebygda.

Eit punkt som Hovden og Norhus legg vekt på med utbygginga av Målargarden er at det blir mykje uteareal, og det er og regulert eit stort leikeareal.

– Det er trinnfri tilkomst til leikearealet, og det blir også trinnfri tilgjenge til fjorten av seksten leilegheiter. Vi legg opp til at folk skal bu lettstelt i Målargarden, men at bebuarane også skal ha sine eigne private soner. Alle uteplassane er og skjerma ifrå vegen, seier Hovden.

Pågangen etter nye bustadar er ikkje stabil høg som den var for nokre år sidan. No er det meir varierande pågang, men jamt over er etterspurnaden god.

– Det folk spør etter no er sentrumsnære leilegheiter, og det skal vere forholdsvis flatt. Etterspurnaden er denne typen leilegheiter er stor, og det er litt av grunnen til at vi etterkom prosjektet i Målargarden.

Ein annan trend i bustadmarknaden som Norhus ser er aukande pågang etter å busette seg i Hovdebygda.

– Vi ser at spesielt mange barnefamiliar søker seg mot Hovdebygda. Det neste halvåret er det familiebustader, typisk tomannsbustader, vi mellom anna kjem til å ha fokus på. I løpet av dei to siste åra har vi selt meir hus i Hovdebygda enn i Ørsta sentrum.

Restriksjonane som no er letta ved Ørsta-Volda lufthamn gjer det blir opna for meir bustadutbygging i Hovdebygda.

– Dette gjer at det kjem til å bli endå større pågang, både på bustad og næring langs til dømes Indrehovdevegen. Det ligg i korta at det kjem til å bli ei fortetting mot Hovdebygda i framtida, seier Hovden.