Møre-Nytt var til stades på kakefesten, og kunne 14. desember rapportere om ei svært god stemning.

Men før vedtaket vart gjort, vcar det stor spening. Mange frykta at investeringa vart utsett.

– Men no skal vi ha på plass ein ny skule i 2021, sa ein glad ordførar Stein Aam.

Skulane markerte adventstida, og nissefesten til Vikemarka skule var det første hovudoppslaget i desember, saman med klarsignal for VØR for bygging på Melsgjerdet.

Osgeil-saka

Osgeil-saka kulimerte med handsaminga i samfunnsutvalet. «Ute av kontroll», stod det i Møre-Nytt 7. desember. Det var eit sitat frå medlem Astrid Bjørdal, som saman med tre andre medlemmer i utvalet klaga saka inn for kommunestyret. No skal saka opp i kommunestyret i februar.

På Vartdal vart det vassjubel. Kokepåbodet for 500 vartdalingar vart endeleg oppheva grunna nytt reinseanlegg. Den 9. desember fortalde Møre-Nytt at Vartdal vassverk har investert to millionar kroner i nytt reinseanlegg.

Reidar Øye fekk tildelt Kongens fortenestemedalje og Vintermatineen til Ørsta ballettskule drog fulle hus.

Brettspelet «Det beste svaret» som Mats Riise frå Sæbø står bak var blant julegåvevinnarane i Ørsta kommune.