Under Tyssevatnet (656 m.o.h) er det eit sinnrikt system av tunnelar og rør som leiar vatnet ned til turbinane på kraftstasjonen.

–Dette er vårt aller heilagste, seier kraftverksjef Terje Myklebust i Tussa.

No er vatnet sperra ute. Dermed kan Tussa sine vedlikehaldsfolk kome inn, saman med ei gruppe entusiastiske forskarar.

–Det vi held på med er ikkje mindre enn sensasjonelt, seier førsteamanuensis Kaspar Vereide ved NTNU.

I ein av tunnelane har NTNU- stipendiat Ola Havrevold, rigga seg til med datautstyr. Han held på med ei doktoravhandling om «sandfang» i kraftstasjonar. Det handlar om å hindre at stein, sand og sediment kjem inn i maskineriet.

– Vatnet kjem inn mot turbinen med ei fart på 400 kilometer i timen. Dermed kan ein liten stein gjere store skader. Dette er eit kjent problem i bransjen, seier kraftverksjef Terje Myklebust i Tussa.

Oppgraderer for 50 mill.

Tussa skal oppgradere det 57 år gamle anlegget på Bjørke, og mellom anna skifte ut turbinhjula. Det eit prosjekt som til saman kostar rundt 50 millionar kroner. Resultatet vert eit meir effektivt kraftverk, og auka straumproduksjon. Men det kjem til å kome meir vatn inn på turbinane. Det betyr større skadepotensial frå stein og sediment på avvegar.

– På ein seminar åt eg tilfeldigvis lunsj saman med folk frå NTNU. Vi snakka om kva som kan gjerast med problemet, og det enda med at eg inviterte dei til Bjørke for å forske. Dei vart straks i fyr og flamme, fortel Terje Myklebust.

I sine siste leveveker skal dei gamle turbinane på Bjørke bli forsøkskaninar. Denne veka har sensorar for vassføring og trykk blitt monterte inn i anlegget. Så skal lukene opnast, og forskarane kan sette i gang.

– Det å sleppe stein med vilje på turbinane vil nok mange kalle galskap, seier Kaspar Vereide.

Han forskar på kreftene som oppstår når vatn strøymer gjennom vassvegen og sandfanget. Denne gongen treng han ikkje å bruke modelltankar. Han og kollegaene har i staden fått heile Tussa-kraftverket på Bjørke til disposisjon.

– Ingen har tidlegare hatt sjansen til å sleppe stein rett ned på ein turbin. Det er heilt fantastisk, og ein vinn-vinn situasjon for oss og kraftselskapet, seier stipendiat Ola Havrevold.

Pilotprosjekt

Som ein lekk i digitaliseringsprosessen er det samstundes montert sensorar i kraftsstasjonen som skal registrere om og når steinar treff turbinen.

For Tussa sin del er dette første fase i oppgraderinga av kraftverket. Sjølve demonteringa av turbinane skal byrje 5. mars. Gjennomføringstida er berekna til 16–17 veker, noko som vil seie at kraftverket skal vere i produksjon igjen i juli. Totalt vil 12 til 15 personar vere i arbeid på anlegget gjennom det meste av prosjektet. I tillegg til nye turbinar, vert det også montert ein ny regulator og eit moderne databasert system for overvaking av produksjonen.

– Dette er eit pilotprosjekt. Digitaliseringa er også på full fart inn i drift av kraftverk, og er ein del av moderniseringa av Tussa kraftverk, seier prosjektleiar Ronny Færøy.