– Sjå her, seier assisterande rådmann Rigmor Brøste til Møre-Nytt. Ho viser fram to diagram. Det eine viser pendlarstraumane i Ulstein, det andre viser Ørsta.

– I Ulstein er bildet meir komplisert. Der går føre seg det inn- og utpendling i stor skala frå og til mange kommunar. I Ørsta er det langt enklare. Ørstingar pendlar i hovudsak til Volda, og voldingar pendlar i hovudsak til Ørsta, forklarer ho.

Onsdag var både fylkesmann Lodve Solholm og assisterande fylkesmann Rigmor Brøste på plass i Ørsta for å diskutere forskjellige tema med administrasjon og politikarar.

Kvardagsregionar

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har oppmoda til å danne nye kommunar som i stor grad svarar til kvardagsregionane til folk flest. Altså regionar der det er stor pendling og utveksling av forskjellige tilbod blant folk.

– Ørsta/Volda er ein veldig typisk kvardagsregion, og difor også ein veldig naturleg samanslåingskandidat, meiner Brøste.

Fylkesmannen er departementet si forlenga arm, og difor ein sentral aktør i arbeidet med kommunereforma.

Brøste, som har ansvaret for kommunereforma hos fylkesmannen, meiner tida no er inne for at Volda og Ørsta inngår eit forpliktande samarbeid med sikte på ei samanslåing.

Søre Sunnmøre i skuffen

– I denne prosessen er det dei som tek initiativet som legg løpet for dei andre. Det har Ørsta og Volda sjansen til å gjere no.

Brøste meiner det er på tide å legge tanken om eit samla Søre Sunnmøre i skuffen.

– Ørsta/Volda er ei langt meir naturleg samanslåing enn heile Søre Sunnmøre. Og Ørsta/Volda med 20.000 innbyggjarar er også ein stor nok kommune for ministeren og departementet, og stort nok for å fungere godt som kommune, meiner ho.

– Men kva med maktbalansen dersom 11 kommunar på Nordre Sunnmøre slår seg saman?

– Eg trur ikkje det blir eit stort problem. Og så har eg mine tvil til at den samanslåinga blir ein realitet, seier Brøste.