Borda bogna av brukt, men fullt brukbart skiutstyr til langt under halve butikkprisen på Ørsta Alpint sin årlege bytedag i helga. Før dørene opna strekte køen seg langt bortetter skuleplassen, og då dørene opna vart det kappløp for å kome først til godbitane.

Mykje utstyr

Både kjøparar og arrangør var godt nøgde med kvantitet og kvalitet på utstyret som vart levert inn fredag kveld.

– Vi har fått inn like mykje utstyr i år som i fjor, og med tanke på at vinteren ikkje har lagt seg over oss enno er det bra. Den største pågangen er sjølvsagt med det same dørene vert opna, men her er framleis mykje folk, seier leiar Marita Borgen i Ørsta Alpin ein time inn i skibytedagen.

– Eit kjempetiltak

To av dei som nøgde kunne forlate skibytedagen med nye ski var Nathalie Vatne Aa og Mia Vatne Aa.

– Vi var her også i fjor og kjøpte. I fjor hugsa vi også å levere inn brukt utstyr, medan vi gløymde det i år. Skibytedagen er eit kjempetiltak, og det er ein suveren måte å verte kvitt og skaffe seg utstyr på. Det er god kvalitet på ein har å velje mellom, og alpingruppa er flinke, seier Dag Jarle Aa.

– Treng stabil kulde

Det nye av året var Ørsta skisenter også var representert på skibytedagen.

– Det er første gang vi er med, og dette er for å markere starten på vår kampanje med sesongkort. Det greitt for oss å få vise oss fram, og mange stiller spørsmål rundt kva som er gjort med skisenteret, og kva som kjem, seier Frank Velle.

Sjølv om vêret laurdag ikkje innbaud til vinterlege aktivitetar, lovar skisenteret at dei som kjøpte nytt utstyr under skibytedagen skal få nytte så snart som råd.

– Alt er klart for vår del, det manglar berre at vi får stabil kulde i fire til fem dagar så skal vi få kunstsnøen på plass, seier Velle.

Mia Vatne Aa og Nathalie Vatne Aa var to av mange som fekk seg nye ski laurdag. Foto: Joachim Kroken Åsebø