Faktisk har meirforbruket auka etter rapporten for andre tertial, altså rapporten for drifta dei åtte fyrste månadene. Då var det eit meirforbruk på 5,35 prosent andsynes budsjettet. Etter niande månad er meirforbruket på 5,5 prosent.

Helse og sosialsjefen og rådmannen har heller inga trøyst til politikarane.

–  Sjølv utan drift av ekstra sjukeheimsplassar ved Vartdal Helsetun og innført kjøpestopp, kan meirforbruket enno auke som følgje av ekstraordinære hjelpetiltak som ikkje er finansierte og større driftsutgifter enn budsjettert, kommenterer helse- og sosialsjef Oddvar Marøy og rådmann Wenche Solheim.

Forklaring

Dei to prøver å forklare korleis stoda har oppstått.

– Etter 9. driftsmånad har sektoren eit samla meirforbruk på løn, trygd og pensjon på om lag sju millionar kroner som med frådrag for meirinntekter på trygderefusjonar i same periode gir ein netto kostnad på ca. 3,4 millionar kroner. Til no i år har det kome inn åtte millionar kroner i trygderefusjonar som er 3,6 mill. i meirinntekter i høve til periodisert budsjett. Meirutgifter på personalkostnader i sektoren må også ta med utgifter til innleige av sjukepleiarar frå utleigefirma der Ørstaheimen og Vartdal Helsetun har nytta slike i 2011. Til no i år er det ved Ørstaheimen leigd inn sjukepleiarar for kr 2,3 mill. og ved Vartdal Helsetun er kr 1,5 mill. av i alt kr 2,3 mill. slike personalkostnader, det vil seie i alt 3,7 millionar kroner, kommenterer Solheim og Marøy.

Alvorleg avvik

Dei ser alvorleg på stoda.

–  Dette er eit alvorleg avvik både mot kva som blir det endelege resultatet for 2011, og kva ramma gitt for 2012 vil kunne sikre av noverande drift.

Sjølv om den ekstraordinære drifta av sjukeheimsplassar ved Vartdal Helsetun og eit særleg hjelpetiltak ved Hjørundfjordheimen vart avvikla i sommar, har sektoren enno hjelpetiltak som ikkje er finansierte.

– Når det gjeld driftsutgifter i sektoren vil sektoren i 2011 få meirutgifter i det budsjetterte på kontoane for straum/energi, kjøp av tenester både frå staten og private, leasing av bilar og driftsutgifter på desse. Sjølv om utgiftene til økonomisk sosialhjelp ikkje lenger syner like store meirutgifter i høve til budsjettet, vil ikkje løyvinga for heile året bli tilstrekkeleg, kommenterer Marøy og Solheim.

Samsvarar med budsjettet

Dei to peikar likevel på at inntektssida i budsjettet ser bra ut. Både når det gjeld eigenbetalingar, forventa statstilskot og andre overføringar ser dette ut til å bli i godt samsvar med det budsjetterte.

– I november vil sektoren legge fram eiga sak med korrigeringar av meirinntekter på innkomne trygderefusjonar mot meirutgifter på bruk av vikarar, fortel Solheim og Marøy.

Først etter 10. driftsmånad vil det syne seg kva effekt innkjøpsstoppen vil få.