– Det er framleis tjue hus i Hovdebygda utan gateadresse, seier Oddmund Hovden i Hovdebygda.
Han registrerer at Ørsta kommune no skal i gang med ein prosess som skal gje Sæbø og Vartdal offisielle gate- og vegadresser. I samband med dette vart det opplyst frå kommunen si side at det berre er Ørsta sentrum og Hovdebygda som i dag har offisielle gateadresser.
– Det er ikkje heilt rett. Langs Ytrehovdevegen, utanfor det regulerte området, er det om lag tjue husstandar utan gatenummer, seier Hovden.
Ytrehovdevegen
Ytrehovdevegen startar i krysset med Hovdebakken/E39.
– Og det er husnummer langs vegen frå dette krysset og til Pebakken. Det er innafor det regulerte området. Men lenger oppe og langs med Hovdevatnet, har ikkje eigedommane husnummer, seier Hovden.
Difor vert adressa for desse framleis berre 6160 Hovdebygda.
– Og det viser seg ofte at det ikkje er nok når det vert spurt om adresse, seier Hovden.
- Smal sak
Han har vore i kontakt med kommunen med spørsmålet, og fått stadfesta at det faktisk har vore ei oppfatning i kommunen at alle hus i Hovdebygda hadde gateadresse med husnummer.
– Eg håper no dette vert ordna. I og med at vi har eit offisielt vegnamn, Ytrehovdevegen, burde det vere ei smal sak å få på plass husnummer også, seier Hovden.