«Æres den som æres bør». I Ørsta har vi ein mann som er kvalifisert for dette. Utan Lars Oscar Fossen sitt meir enn brennande engasjement for eit penare Ørsta sentrum hadde vi i dag høgst truleg framleis vore der vi var for eitt år sidan: vi hadde hatt eit sentrum i forfall, med uflidde eigedomar og skjemmande bygg. Vi hadde hatt ørstingar som følte skam over Ørsta sentrum.

På eitt år har det skjedd svært mykje. Bygg har vorte renoverte og måla, og eigarar har teke ansvar. Og i dag står Ørsta sentrum fram som noko vi alle kan vere stolte av, og vise tilreisande, utan å gå med krumma nakke.Det er sjølvsagt mange som har ære for det som er gjort, både privatpersonar, næringslivet og ein kommune som verkeleg har teke tak.

Positivitet

Ein bølgje av positivitet for å skape eit vakrare sentrum har feia over oss. Men midt i alt er det ein mann som fortener litt meir klapp på skuldra enn andre, ein mann som har ei unik evne til å få til det han brenn for. Evnene Lars Oscar Fossen har til å få andre med på spleiselaget, som handlar om å ruste opp sentrum, har vore heilt avgjerande for der vi no står. No sist har Fossen samla inn pengar slik at Lina-tomta kan verte ei lita perle med park og parkering. Alt takka vere Fossen sin entusiasme i eliteklassa.

Vi treng eldsjeler. Og vi har dei fleire stader, folk som er pådrivarar og motorar. Og som går i bresjen for ei positiv utvikling.No fortener Fossen å få noko tilbake. Vi må vise at vi set pris på han. For engasjementet til Fossen har også kosta.

Difor: gi Fossen ei påskjønning, ein pris, anten det er frå næringslivet eller kommunen.

Det fortener han i høgste grad.