– Vi kan verte forseinka til den planlagde opninga, stadfestar prosjektleiar Oddbjørn Pladsen.

Truga av konkurs

Årsaka er at det danske selskapet KB Electrotech som skal ordne det elektriske arbeidet i Hjartåbergtunnelen har gått til retten med ei såkalla rekonstruksjonsbegjæring.

Den danske ordninga med rekonstruksjonsbegjæring kan verte samanlikna med den norske ordninga med gjeldsforhandlingar.

– Det er sjølvsagt synd. Vi hadde eit håp om å få opna tunnelen før vinteren, så det er synd for alle som har venta så lenge, seier Pladsen.

I utgangspunktet skulle tunnelen opne tidleg i haust, men hovudentreprenør Leonhard Nilsen & Sønner vart forseinka med sitt arbeid, som igjen førte til utsetjing for dei som skulle utføre det elektriske arbeidet.

– Men no er det berre det elektriske som står att før tunnelen er ferdig. Men no må vi vente og sjå. Det skal ikkje så mange dagane til før vi må utsette tunnelopninga ytterlegare, og kanskje må vi vente til over nyttår, seier Pladsen.

Ventar på avklaring

Statens vegvesen uttalar at dei tek sikte på eit møte med det danske selskapet og ein rettsleg utnemnd advokat så snart som råd. Dei er kjende med at det vert arbeidd for å løyse selskapet sine betalingsproblem og sikre ei vidare drift.

– No ventar vi på ei avklaring, så får vi sjå om dei kan fortsette arbeidet eller om vi må få inn ein ny entreprenør. Vi er nok like spent som alle andre, seier Pladsen.