– Eg har god tru på eit sal før sommaren, seier eigedomsmeklar Kjell Paulsen i Eigedomsmeklar 1.

Selskapet har fått i oppdrag å selje tomta mange meiner er svært attraktiv der ho ligg midt i Ørsta sentrum.

Mange interessentar

Mellom 10 og femten interessentar har meldt seg i høve at Ørsta kommune skal selje den 5,6 Mørebil-tomta for sju millionar kroner.

– Førebels har ingen hatt innvendingar mot prisen, fortel Paulsen.

Musklar

Han gjer merksam på at det trengst finansielle musklar for å ta over tomta, ut over å løyse inn kjøpesummen.

– Årsaka er at det skal rivast og byggjast opp att på tomta etter gjeldande regulering, fortel eigedomsmeklaren.

– Kor lett vil det vere å selje denne tomta?

– Om ho er lettseld står sjølvsagt att å sjå. Alt er jo lettselt berre det er rimeleg nok, erfarer Eigedomsmeklar Kjell Paulsen med eit smil.