Manglande som er avdekt ved Hjørundfjordheimen vert karakterisert som svært alvorlege, og omfattar både manglande dokumentasjon og svikt i bygningsmessige konstruksjonar. Ørsta kommune er varsla om pålegg dersom det ikkje vert gjort noko med manglane.

Kommunen har difor hyra inn Flo Brannsikring AS for å finne ut korleis den branntekniske tilstanden til bygningen skal hevast.

Sprinkelanlegg

Rapporten frå Flo Brannsikring AS konkluderer med at etablering av sprinkelanlegg vil redusere omfanget av ei bygningsmessig ombygging, og at Hjørundfjordheimen vil verte vesentleg tryggare mot brann i framtida ved å installere eit slikt anlegg.

Ørsta kommune har i 2013 innhenta tilbod på kostnadene ved å etablere fullsprinklingsanlegg på Hjørundfjordheimen. Kostnadene er rekna ut til totalt 8 millionar kroner.

Det er samstundes søkt Husbanken om investeringstilskot, og kommunen har fått førehandsgodkjent eit tilskot på inntil 40 %. Det er avgrensa oppover til 3,2 millionar kroner.

8 millionar

Det er i investeringsbudsjettet for 2013 avsett 4 millionar kroner til utbetring av dei branntekniske manglane ved Hjørundfjordheimen.

– Ved å auke investeringsramma til 8 millionar vil vi etter berekningane ha finansiering til å gjennomføre prosjektet og setje Hjørundfjordheimen i brannteknisk forsvarleg stand. Eigedomseksjonen har med atterhald om at finansiering vert godkjent, innstilt entreprenør til oppdraget. Det er planlagt at arbeidet ved Hjørundfjordheimen skal startast etter jul, men at planlegging av gjennomføringsfasen må starte snarast råd, kommenterer rådmannen i saka.

Rådmannen om fullmakt til å finne finansiering anten ved bruk av tidlegare års låneopptak, eller frå inntekter som har kome ved sal av fast eigedom.

Formannskapet vert i tillegg bedne om i ei anna sak å investere 2,2 millionar kroner til ny varmepumpe ved Hjørundfjordheimen. Det vil gje ei monaleg innsparing i straumutgifter over ti år. Finansieringsmetoden er den same som for sprinkelanlegget.