Piloten på Widerøe-flyet meiner lyset kom frå området ved Bjørdalen i Ørsta.

Politiet understrekar at laserlyst mot fly er ein livsfarleg aktivitet, og oppmodar foreldre til å passe på kva borna deira gjer om dei har ein slik laserpeikar. Politiet frårår samstundes at foreldre gir laserpeikarar til borna til jul.

Laserlys mot fly er ikkje eit nytt fenomen. I fjor vart det registrert 83 tilfelle der folk lyste med laser mot fly i Noreg.