Det meiner tidlegare Ørsta-ordførar Sigbjørn Kvistad. Han har i ei årrekkje vore prosessrettleiar i KS, og har drive folkevaldopplæring og vore «samlivsrådgjevar» i ei rekkje kommunar.

Kvistad reagerer sterkt på at ordføraren refsar rådmannen i høve det ordføraren meiner er alt for dårlege økonomirapportar.

– Når ordføraren som øvste tillitsperson og representant for den overordna arbeidsgjevaren, offentleg går i front for å framføre refs av rådmannen, er dette jamgodt med mistillit til vedkomande, og til dei leiarane rådmannen omgjev seg med, meiner Kvistad.

– Men det kan vel hende at ordføraren har rett i det han hevdar?

– Ja, det kan godt vere, det har eg ingen aning om. Eg kjenner heller ikkje rådmannen. Men offentleg påtale og refs av denne typen, av tilsette i kommunen, og i denne samanheng rådmannen, bør gå føre seg på heilt andre måtar og på heilt andre arenaer enn i eit ope offentleg møte. Og dermed " kringkasta for all verda ".

Har høve

Kvistad peikar på at ordføraren som kommunen sin einaste heiltidstilsette politikar har alle høve han vil og ønskjer å ha, til internt å ta tak i det han meiner er feil og manglar hos den administrative toppleiinga, og å gjere noko med det.

– Ja, han har faktisk plikt til det, minner Kvistad om.

Men dersom påstanden frå ordførar Hovde er rett, om at det manglar både kompetanse og evne til å skaffe nødvendig og trygt underlag som gjev gode nok styringsinstrument for dei folkevalde, så meiner Kvistad er det i første rekkje er ordføraren, saman med den politiske toppleiinga elles, som må sørgje for at det vert endringar, og å skaffe den kompetansen som trengst.

Utanfrå

– Sett utanfrå er resultatet av det heile at rådmannen sin autoritet både internt og eksternt som leiar, er svekka. Dette forplantar seg til rådmannen sin stab, og alle kommunalt tilsette, meiner Kvistad.

Han minner om at ei av rådmannen sine viktigaste lovpålagde oppgåver er å vere overordna personalsjef, og dagleg leiar for alle tilsette i kommunen.

– Resultatet er truleg no at det er mange frustrerte kommunalt tilsette. Mi erfaring er at når toppleiaren i ei kva som helst verksemd, og i denne samanheng at kommunen sin rådmannen vert svekka, vert alle både i det politiske og administrative system svekka. Også innbyggjarane. Det er ingen tente med.