Laurdag ettermiddag vart partene einige, etter at dialogen vart  teken opptatt torsdag ettermiddag.

– Eg er svært glad for at vi har fått på plass ei løysing og at vi nå kan kome i gang igjen, sier administrerende direktør Lars Kobberstad i Widerøe.

– Denne streiken har gjort kvardagen vanskelig for veldig mange mennesker, og det er godt å kunne konstantere at vi klarte å verte einige med våre kabintilsette, slik at vi igjen kan sikre at folk har et godt flytilbud i heile Norge, sier Kobberstad.

Konflikten mellom Widerøe og dei kabinansatte har handla om forhandlingsrett på den kollektive pensjonen i Widerøe. Løysinga vart ein lokal avtale som sikrer dei kabintilsatte forhandlingsrett på dei delane av pensjonsordninga som ikkje er kollektiv og som ikkje gjeld for alle tilsatte i Widerøe.

- Eg skulle ynskje vi hadde klart å kome til denne einigheita i mekling, og unngått streik. Dessverre gjekk ikkje det, og overfor alle som har vorte ramma av denne streiken beklager eg det, sier Lars Kobberstad.

– Likevel er eg glad for at vi kom relativt raskt ut av det igjen, og at streiken no er over, slik at folk igjen kan få eit godt og trygt flytilbod rundt omkring i Noreg.

Widerøe har kanselleret over 1.100 flygingar under streiken og meir enn 25.000 reisande vart ramma av konflikta. Det vil ta litt tid å få trafikken i gang igjen i Widerøe. Alle fly er parkert på basane, og samtlege tilsette er permittert. Avgangane i kveld er uansett kansellert.

– Permitteringa opphører no umiddelbart, men det vil ta tid før vi får mannskap i posisjon slik at vi kan fly som normalt, sier Lars Kobberstad, som oppfordrer folk til å følgje med på Wideroe.no for å halde seg orientert om trafikken dei nærmaste dagane.