Til vakker klassisk musikk kom alle dei 40 borna ved Rystene barnehage vandrande inn i flatsalen på Ørsta kulturhus onsdag. Det var tid for årets førjulsfest.

To og to born gjekk saman, og inni mellom dei gjekk mange frå personalet. I salen var det fullt av foreldre, besteforeldre, sysken og andre slektningar. Om lag 200 personar var på plass. Fleire hadde fotoapparat og mobiltelefonar klare for å feste borna til filmen.

Vel framme på scena song dei fleire julesongar. Nokre av borna song sterkare enn andre. Alle var yndige og sjarmerande.

Etter dette første opptrinnet yngste FAU-leiar ved Rystene barnehage, Geir Børge Helset, velkomen til festen.

Juleevangeliet

Då sceneteppet så vart trekt til sides, dukka eit svært nydeleg tablå av juleevangeliet fram. Det var dei 11 eldste borna ved barnehagen som stod for dette. I bakgrunnen kunne vi høyre ein litt ukjend norsk julesong. Borna dramatiserte til teksten. Først var det berre Maria, Josef og Jesusbarnet som stod på scena. Til slutt var både englar og vismenn på plass. Kostyma var veldig fine og borna oppførte seg eksemplarisk.

Pengar til uteleiker

På programmet elles stod det mat, gang rundt juletreet og lotteri.

Det var foreldra som arrangerte denne festen som har vorte feira på Ørsta Kulturhus i om lag 10 år. Inntektene dei får inn gjennom loddsal og inngangsbillettar går til å kjøpe leiker til barnehagen.

– I år skal vi kjøpe nye uteleiker, fortel Helset. Det er FAU i samarbeid med leiinga i barnehagen som bestemmer kva pengane skal gå til.

– Vi har fått mange gevinstar frå butikkar og verksemder i Ørsta også, utanom dei gevinstane foreldra har levert inn, seier FAU-. leiaren. Noko han er takksam for.

I tillegg til at festen gir gode inntekter, synest Helset det også er viktig at borna får lære seg å opptre framfor folk, og at foreldra får møtast og bli kjende.

Tradisjonar

Det er Borgny Ottestad som er styrar ved Rystene barnehage. Ho er glad for jobben foreldra gjer for barnehagen, og dei pengane dei samlar inn og skal kjøpe leiker for.

– Kvifor er det elles viktig å arrangere ein slik fest?

– Det er fint for borna å trene seg i å stå på ei scene. Eg synest også det er sentralt å ta vare på tradisjonar. Vi går til dømes rundt juletreet, og det er ikkje noko alle gjer på slike festar lengre, poengterer ho.

Sjølve programmet på førjulsfestane er det personalet som har ansvar for.