Fredag fekk mange kundar ein mail der eigarar av Visa SpareBank 1 kort vert bedt om å validere kortet dei neste 24 timane. Det vert opplyst at tiltaket er nødvendig som ei ny sikkerheitsløysing.

– Avsendarane av slike svindel-e-postar byrjar å verte flinkare og flinkare, konstaterer Geir Høydalsvik. Han har teke imot fleire svindel-e-postar der bandittar har prøvd å få han til å gje frå seg sensitiv kortinformasjon.

Tilvising

Høydalsvik viser til ein mail han fekk med tilvising til ein link til sparebanken. Hadde han trykt på den, hadde han gått rett i fella.

– Det som ligg bak linken er noko heilt anna, og det ville ført meg til ein stad langt borte frå sparebanken sine system, seier Høydalsvik.

Han viser også til at svindlarane no nyttar betre språk enn tidlegare.

– Sjølv om norskspråket som svindlarane nyttar ikkje er tipp-topp, så byrjar det no å verte like bra som mangt anna som blir skrive av nordmenn, konstaterer Geir Høydalsvik.

Sparebanken svarte ikkje fredag på Møre-Nytt sin førespurnad om kommentar til denne saka.