Årets TV-aksjonen går i år til inntekt for Nasjonalforeningen for folkehelsen og forsking på sjukdomen demens.

– Forsking på demens er eit interessant tema som engasjerer og vel røyver dei fleste av oss. Det røyver også våre kundar. Difor støttar Coop Extra Ørsta denne saka, seier butikksjef Ann-Charlotte Sørheim.

Tre bilete

For ei tid sidan vart born invitert til butikken for å lage sine eigne stofftrykk. Seksti born med føresette deltok i aktiviteten. Trykka har no vorte sett saman til tre veggbilete på 100x130 cm, sett saman av Ørsta husflidlag. Kvart born har fått namnet sitt på sine «lappar», slik at dei sjølve kan sjå at innsatsen deira går til eit godt formål.

Veggbileta skal auksjonerast vekk til bedrifter eller privatpersoner, og inntekta går til årets TV-aksjon.

No er håpet at private og næringsliv skal kome med bud på veggbileta, som vil henge til utstilling utanfor butikken på Amfi-senteret heile komande veke.

Ordførar Rune Hovde håper innbyggjarane i kommunen vil hjelpe til og støtte denne saka.

– Demens er noko som kan råke alle. Difor er det fint om bedrifter og privatpersonar er med og byd. Dette er eit inaitiativ eg støttar veldig, seier Hovde.