Med fleire stearinlys fint plassert langs golvet, eit juletre med stjerna på toppen og blå-rosa lyskastarar bak alteret som trefte veggmåleria, laga Leite ei stemninga som var rett magisk.

«Heim til jul»

– Dette er det 7. året på rad eg arrangerer dette. Det byrja som ein romjulskonsert, men har no blitt ein førjulskonsert. Det er ein variert konsert med låtar for både unge og gamle, i håp om å trekkje eit litt yngre publikum. Konsertar i eit kyrkjerom er ei heilt anna oppleving enn om du er på konsert på eit kulturhuset eller liknande, seier Leite.

Dei frammøtte fekk høyre alt frå «Fix you» av Coldplay og julelåtar frå Disney, til Anne Grete Preus med «Når himmelen faller ned» og Maria Mena si låt «Home for Christmas». Sistnemnde si låt hadde Leite sjølv omsett til nynorsk, og førjulskonserten fekk same namn som låten: «Heim til jul».

– Når det er jul søkjer folk heim til nære og kjære, men det er ikkje alle som har det så bra i desse tider. Det kan hende at nokre av dei som var her i kveld hadde det vondt, så eg håper at når dei gjekk ut dørene etter konserten at dei hadde det litt betre, seier Leite.

Stolt over borna

Under konserten var Leite akkompagnert av koristane Lina Ådneram, Lovise Ådneram og Linnea Masdal, Svein Arne Moe Vartdal på gitar, Roberth Lien på perkusjon, Henrik Konglevoll Neeraas på mandolin og Geir Helge Ådneram på piano. Saman spelte dei også ein førjulskonsert for ei nærast fullsett kyrkje i Austefjord kvelden før.

– Eg tykkjer at borna er tøffe som er med å spele og syngje framfor både folk dei kjenner, og heilt ukjende menneske, fortel Leite medan ho smiler stort.

– Dette er ikkje ein talentkonkurranse, og her er det rom for feil. Om ein gjer feil, er det berre å fortsette som før. Eg trur det er både nervøsitet og spenning inne i biletet, men dei er utruleg flinke og eg er kjempestolt!

Leite sitt store ynskje var at det skulle kome mange menneske å høyre på, og etter konserten var ferdig hagla kommentarane inn: «Å kor nydeleg» og «dette var ein utruleg fin konsert» kom det ifrå både små og store.

Konserten vart også sendt direkte på Vartdal helsetun, slik at bebuarane der kunne få litt julestemning dei også ein søndags kveld.