Det seier leiar i Digernes grendalag, Sindre Digernes.
Fredag ettermiddag overleverte han 640 underskrifter til stabsleiar Idun Hofset på rådhuset i Ørsta. Underskriftene er frå folk som er imot planane for Klubben II.
Underskriftene kjem frå ein aksjon på Facebook – og frå lister som sidan 1. juni har lege ute på fire butikkar.
– Folk frå store delar av Ørsta, men også Volda, har skrive under på listene. Mange fleire enn oss som bur i nærleiken av Klubben ser altså føre seg korleis området Klubben vert sjåande ut dersom K.A Aurstad får halde fram med å ta ut steinmasse der. Og dei mange underskriftene er eit sterkt signal om at masseuttak på Klubben er noko som høyrer til fortida, seier Sindre Digernes.
Han fortel at mange har takka grendelaget for initiativet for underskriftsaksjonen.
– Signaturane støttar opp om merknadene frå andre instansar, ikkje minst fylkeskommunen og fylkesmannen, som er skeptiske til dei nye planane. Grendelaget er glad for at desse instansane deler den oppfatninga vi har. Dette viser at vi kjempar om noko som er rett, og slikt gir energi, seier Digernes.
Signal
Dei er glade for all støtte og alle signal som talar imot vidare drift på Klubben, men torer ikkje å slappe av og vil framleis kjempe mot prosjektet.
– Vi er forsiktige optimistar for at politikarane skal ta omsyn til synet vårt. Klubben ligg bokstavleg tala midt i hjartet av Ørstafjorden. Klubben II blir eit uoppretteleg inngrep som blir svært synleg i innseglinga av Ørstafjorden mot den kvite byen. Det er på linje med det å fjerne ei framtann. Det er eit skot rett i hjartet, og er det det vi vil vise turistane som ein dag kjem med båt for å leggje til den nye cruisekaia? Denne saka handlar også om Ørsta kommune sitt omdøme, meiner Sindre Digernes.