Byggtrad og Tussa Energi har lagt nytt torvtak på våningshuset på Strandabaøen.

– Det gamle bølgjeblekktaket var ikkje lenger tett, og bygningen byrja å stå på skade. I samarbeid med Statnett sette vi difor i sommar i gang ein prosess med å få lagt nytt tak på bygningen, fortel kraftverkssjef Terje Myklebust i Tussa Energi AS.

Strandabøen er den fråflytta strandgarden ytst på austsida av Hjørundfjorden. Ifølgje gards- og ættesoga om Hjørundfjord budde det brukarar på garden fram til 1947, og det var sommardrift fram til 1960. I 1960 kjøpte Vestlandske kraftsamband garden, og han vart seinare overdregen til Møre og Romsdal Kraftselskap. Då dette selskapet vart lagt ned, tok Tussa Kraft AS over eigarskapen.

Vedlikehald

– Vi ynskjer å halde eigedomen ved like, og vi bestemte oss i år for å gjennomføre ei vøling. Det passa også godt å gjere det no då Statnett held på med 420 kV-lina. Då kan vi m.a. nytte helikopter som likevel er i området for å få frakta over mellom anna material og torv, fortel Myklebust.

Firmaet Byggtrad med Kåre Løvoll som dagleg leiar vart sett på oppdraget, og i løpet av seinsommaren og hausten er taket på våningshuset vorte skifta ut, og no altså nytt torvtak lagt.

Torv frå Austlandet

I strålande solskin, men med ein ganske kraftig bris, vart taket lagt. Torva frå Nittedal vart lagt ned ei etter ei. Det fyrste laget vart lagt med graset opp, og det andre laget med graset ned.

– Det er tradisjon frå gammalt av då det var never som vart lagt under torvtaket. No nyttar vi meir moderne material, men vi legg torva på same måte, fortel Robert Steinnes i Byggtrad.

Aktivitetar

Strandabøen var ein veldriven gard i si tid, og der var ysteri og drivhus og eige kraftverk m.a. Eigarane Tussa ynskjer at det skal vere aktivitet på garden framover, men har ikkje heilt klart føre seg kva.

– Vi er eit kraftselskap, og skal primært drive kraftverk. På Strandabøen skal vi syte for å ha rammene i orden med at garden skal verte halde ved like. Vi er opne for at andre aktørar kan ha aktivitetar her, og nytte området. Det kan t.d., vere allereie etablerte turistaktørar i fjorden, seier Myklebust.