– Ørsta var veslebroren. Dei var i mindretal i kommunestyret, og det brukte voldingane for det det var verdt. Fleirtalet rådde, fortel lokalhistorikar Gunnar Ellingsen.

Volda mot Ørsta

Det var i 1837 at formannskapslovene kom, som gjorde at det vart danna kommunar. Dei vart delt inn etter prestegjelda, og Ørsta låg under Volda. Hjørundfjord var for seg sjølv, og Vartdal låg under Ulstein.

Allereie i den aller første saka på det aller første møtet i det nye kommunestyret i Volda, kom usemja mellom ørstingane og voldingane fram. Året var 1838. Ørstingane ønskte ei eiga skulekasse for å drive skulane i Ørsta, på same måte som dei hadde fattigkasse, men dei vart stemd ned av voldingane.

– Voldingane stemde ørstingane ned frå dag ein. Kanskje ikkje det beste utgangspunktet, seier Ellingsen.

Det første lausrivingsforsøket kom etter om lag ti år, i 1848. Ørstingane ville verte sjølvstendige, men voldingane argumenterte med at to kommunar ville føre til auka kostnader, og dermed stemde dei nei. Dette er ikkje ulikt argumentasjonen som vert brukt i dag, for å slå kommunar saman til større einingar.

I 1876 gjorde ørstingane eit nytt forsøk. Dei meinte prestegjeldet var for stort. Presten hadde tilhald i Volda, men med dåtidas kommunikasjon var dette tungrodd for ørstingane. Igjen sa voldingane nei.

I 1880 hadde voldingane funne eit nytt argument for å igjen seie nei til ørstingane sitt ønske om å danne eiga kommune. Dei viste til at det vart brukt meir pengar på bygging av vegar i Ørsta enn i Volda. Og sa igjen nei til deling, med 18 mot 12 stemmer.

– Voldingane mot ørstingane, seier Ellingsen, som legg til at dette nok har gitt grobotn for at Ørsta og Volda er kjent for å vere som katt og mus.

Kongen

I 1881 prøvde ørstingane nye metodar. Politikarane i Ørsta skreiv brev til kong Oscar II i Stockholm der dei «underdanigst» bad om «naadigst Tilladelse om mulig fra neste Aars Begyndelse at maate blive ordnet som nyt Herred». Kongen sa ja. Og no var også voldingane på gli. Men no var det andre i Ørsta som vakna.

– I Hovdebygda var dei redde for at det ville vere vanskeleg å finne dyktige nok folk til kommunestyret i Ørsta. Dei ville verte voldingar.

Alle gardar i Hovdebygda og Sørestranda signerte eit brev der dei bad om å få verte voldingar, bortsett frå oppsitjarane på Digernes og Steinnes. Hovdebygdingane måtte likevel finne seg i å verte ein del av Ørsta då kommunen skilde seg frå Volda 1. august 1883.

Vartdal vart sjølvstendig kommune i 1895, og vart slått saman med Ørsta på same tid som Hjørundfjorden, i 1964.

– Det vart bokført i Hjørundfjorden i 1962, at ei samanslåing med Ørsta ville vere den største ulykka som kunne råke folket. Og då såg dei tydelegvis vekk frå både svartedauden og store rasulykker.

Også for vartdalingane sat det langt inne å verte ein del av Ørsta. Det handlar om identitet, trur Ellingsen.

– Men når det gjeld dagens debatt om kommunesamanslåing så opplever eg ikkje frontane som like steile som den gongen, seier han.

Han har likevel problem med å sjå kva det er å tene på å verte større, og viser mellom anna til interkommunale samarbeid som fungerer godt, og ein arbeidsmarknad som går på tvers av alle kommunegrenser.

– Men skal det vere noko så får vi sjå til Volda igjen. Større meiner eg ikkje at vi treng å verte. Då fryktar eg for utkantane. Utkantar vert meir utkantar dess større ein kommune vert.