I året som gjekk vart det delt ut 20 millionar kroner i grasrotmidlar til lag og organisasjonar på Søre Sunnmøre. Øvst på lista over mottakarar tronar Bergsøy med 194.000 kroner. Dette melder studentavisa Nærnett.

I Volda er det VTI fotball som ligg øvst på tabellen med 64.673 kroner, tett følgt av Dalsfjorden FK med 60.676 kroner. På tredjeplass ligg Volda handballklubb med 54.037 kroner.

I Ørsta er det Røde Kors som merkar seg ut med heile 104.575 kroner. På andreplass kjem HIL med 74.200 kroner og ØIL med 64.385 kroner.